Bygg- og eigedomsnæringa samlar seg

Dato: 12.11.2020

Bygge- og eigedomsnæringa i Ulstein representerer ca 130 bedrifter med 400 tilsette og ei omsetning på ca 850 millionar kroner. I dag formaliserte Ulstein Næringsforum ei bransjegruppe for bygg- og eigedomsmedlemene i foreininga.

Treng kandidatar til årets bedrift

Dato: 28.10.2020

Ulstein Næringsforum deler kvart år ut prisen for årets bedrift og årets nykomar. No ber vi folk spele inn kandidatar.

Opposisjonen må garantere Stad skipstunnel

Dato: 08.10.2020

Forventningane om oppstartmidlar til Stad skipstunnel har vore store framfor framlegget til statsbudsjettet for 2021. Regjeringa har heller ikkje denne gongen prioritert oppstartsmidlar, og no er tida ute i følge bestillinga frå Stortinget. Vi ber derfor opposisjonen på Stortinget om å ta ansvar for eigne vedtak og ikkje godkjenne eit statsbudsjett der skipstunnelen ikkje er med.

TV-aksjonen NRK 2020

Dato: 07.10.2020

Ulstein kommune har i dag sendt dette brevet til næringslivet.

Næringsministeren besøker Ulsteinvik

Dato: 28.09.2020

På invitasjon frå Ulstein Næringsforum og Maritimt Forum, vil næringsminister Iselin Nybø (V) besøke Ulsteinvik torsdag 1. oktober.

UNF hjelper søkjarar til næringsfondet

Dato: 17.08.2020

Ulstein kommune har eit næringsfond som skal motverke negative verknadar av koronavirusutbrotet og vere avgjerande for vidare vekst og eksistens. Ulstein Næringsforum bistår no med assistanse til kandidatar som ønskjer å søke.

Hege Karete Hamre inn i styret

Dato: 29.06.2020

Hege Karete Hamre frå Sparebanken Møre erstattar Ellen Kvalsund i styret til UNF.

Stad Skipstunnel må inn på Statsbudsjettet 2021

Dato: 25.06.2020

Nettverk for samferdsle på Sunnmøre ber samferdsleministeren om å skru opp tempoet.

Møte med Wenche H. Andersen

Dato: 11.06.2020

Vi møtte ny sjef for Propulsion & Engines-divisjonen i Kongsberg Maritime saman med Ulstein kommune og MAFOSS. Møtet kom i stand etter invitasjon frå Ulstein Næringsforum.

Endringar i kompensasjonsordninga

Dato: 30.04.2020

Det er vedteke tre viktige endringar for kompensasjonsordninga f.o.m. april.

14 bedrifter har fått kompensert faste kostnader

Dato: 27.04.2020

Førebels er det kun 14 bedrifter frå Ulstein som har fått innvilga kompensasjon for faste utgifter for mars.

-Hent heim tenestene!

Dato: 16.04.2020

Oppfordringa om at privatfolk må bruke lokale butikkar har kanskje aldri vore så aktuell som no. Men kva med bedriftene våre? Brukar dei sjølve lokale tenester? Dagleg leiar i UNF, Daniel Garden, oppfordrar næringslivet om å vere medvitne om kvar dei handlar frå.

Nye tiltakspakkar spesifisert i dag

Dato: 02.04.2020

Kompensasjonsordninga til bedriftene lansert i kveld. Ulstein Næringsforum arrangerer nytt webinar om desse over helga.

Kommunepsykologen: 10 gode råd til leiarar under koronautbrotet

Dato: 24.03.2020

Ein leiar skal handtere likviditeten, leveransane, kundane, framtida, eigarane – men kva med den viktigaste kapitalen verksemda har? Korleis tek ein best vare på medarbeidarane? Kommunespsykolog Thomas Brandal Myklebust deler ti gode råd med oss her.

Ny prosjektleiar i UNF

Dato: 20.03.2020

Anna Klara Måseide er tilsett som prosjektleiar i UNF.

Valkomitéen er i gang

Dato: 14.03.2020

Førebels dato for årsmøtet er 27. mai, men vi held mulegheitene opne for at “korona” kan lage endring i planane. Her er ei melding frå valkomitéen.