Styret i UNF er nesten uendra etter årsmøtet sist veke. Einaste skiladen er Ellen Kvalsund i Sparebanken Møre som går ut. Inn kjem Hege Karete Hamre frå same banken.
-Hege Karete Hamre har vore banksjef næringsliv i Sparebanken Møre sidan juli 2019. Ho er utdanna Bachelor i Business Administration frå Høgskolen i Molde innan rekneskap, i tillegg til 1. avd. jus frå BI og kurs i styrekompetanse. Hamre har tidlegare vore regiondirektør Sunnmøre for Sparebank1 SMN Regnskap og dagleg leiar i Furene AS. Ho har i tillegg brei styreerfaring, heiter det i tilrådinga frå valkomitéen som vart ført i pennen av leiar Kjersti Kleven.
Vi ønskjer Hamre velkomen til UNF.
Styret si samansetting ser no slik ut:
Styreleiar | Steinar Kulen | Ulstein Hotell AS | 2020-2021 |
Styremedlem | Agathe Teige Eiksund | Medi 3 AS | 2019-2021 |
Styremedlem | Helene Holstad | AMFI Drift AS | 2019-2021 |
Styremedlem | Morten Ulstein | Borgstein AS | 2019-2021 |
Styremedlem | Stig Brautaset | Sparebank1 Søre Sunnmøre | 2020-2022 |
Styremedlem | Knut Erik Engh | Ulstein kommune | 2020-2022 |
Styremedlem | Oddhild Sandanger | HRG Nordic | 2020-2022 |
Varamedlem | Kathrine G. Ulstein | Ulsmo AS | 2019-2021 |
Varamedlem | Are N. Garshol | Mare Safety AS | 2019-2021 |
Varamedlem | Hege Karete Hamre | Sparebanken Møre | 2020-2022 |
Lenke: Protokoll, Signert Kopi