Støtteapparatet
Som finansbransje reknar vi bankar, investeringsselskap, eigedomsmeklarar, revisorar, rekneskapsfirma og advokatkontor.
Alle gode næringsliv treng eit sterkt apparat rundt seg til å handtere finansiering, mekling, forhandling, forsikring, dokumentasjon, avtalar og forvaltning. Dette har vi i Ulstein!
I eit næringsperspektiv er det mangfaldet og summen av det alle bedrifter skaper som gir utvikling og vekst. Vi samarbeider og konkurrerer, og vi treng ei engasjert og sterk næringsforening som «smører navet» til medlemmane sitt beste. I lag blir vi sterke kvar for oss og til saman. Difor er Ulstein Næringsforum viktig for oss.
Hege Karete Hamre, Sparebanken Møre