Ein leiar skal handtere likviditeten, leveransane, kundane, framtida, eigarane – men kva med den viktigaste kapitalen verksemda har? Korleis tek ein best vare på medarbeidarane? Kommunespsykolog Thomas Brandal Myklebust deler ti gode råd med oss her.

  1. Ver tydeleg og nærverande
    Gi konkret og spesifikk informasjon om kva som er aktuelle arbeidsoppgåver. Bruk telefon eller video heller enn berre e-post og skriftleg kommunikasjon.
  2. Ha rett fokus
    Ver bevisst på kva som er dine arbeidsoppgåver, ikkje prøv å løyse alt. Strukturer deg sjølv, før du strukturerer andre.
  3. Repetér informasjon
    Gi hyppige oppdateringar til dine tilsette om tiltaksstatus, sjølv om statusen er uendra. Dette fungerer både som ei påminning og eit tryggingssignal om at vi er oppdaterte på situasjonen.
  4. Gi konkrete oppgåver
    Motiver dine tilsette til konkret innsats, bu dei på det som ventar dei, og korleis det skal løysast.
  5. Auk kontakthyppigheita
    Ha jamleg kontakt med dine tilsette. Hyppige, korte samtaler heller enn sjeldne og lange samtaler. Spør om kva som går bra og kva som går mindre bra. Anerkjenn og støtt.
  6. Vær merksam
    Be dine tilsette om å gi beskjed om stressreaksjonar eller utmatting i ein tidleg fase. Dei er lettare å førebygge enn å behandle.
  7. Perspektivér
    Snakk med andre leiarar om rolle og funksjon.
  8. Rapportér
    Meld frå om forslag til nye tiltak og initiativ til neste nivå. Ei koordinert tiltaksrekkje er avgjerande for optimal effekt.
  9. Be om hjelp
    Bruk andre leiarar til støtte og rettleiing. Ta kontakt med kommuneoverlege eller kommunepsykolog dersom du har behov for å drøfte medisinske eller psykososiale spørsmål knytt til jobb og virke.
  10. Vær rasjonell
    Drøft med ein kollega eller ta deg ei pause før du tek viktige avgjersler. Dette er ein dugnad.

Thomas Brandal Myklebust
tomas.myklebust@ulstein.kommune.no