Under besøket skal statsråden besøke Ulstein Verft, besøke Skaparhuset og ha møte med fleire bedrifter frå regionen og maritim sektor.
– Maritim næring er ei viktig næring som bidreg til vekst og verdiskaping over heile landet. Grøn omstilling skapar eksportmulegheiter og styrka konkurransekraft gjennom utvikling av nye teknologiar. Eg ser fram til å møte representantar frå den maritime klynga på Sunnmøre, seier næringsminister Iselin Nybø.