Ulstein Næringsforum er ein privat medlemsorganisasjon som er eigd av verksemdene som er medlemer hos oss.

Mål

EIT STERKT NÆRINGSLIV
UNF skal aktivt arbeide for å styrke næringslivet i Ulstein. Eit sterkt næringsliv er eit robust næringsliv som toler svingingar og utfordringar, ved å vere komplekst samansett av mange typar verksemder og organisasjonar.

EIN STERK REGION
Vi skal styrke Ulsteinvik sin plass i landet og tiltrekke oss nye verksemder samt tilby oss å vere vertskap for relevante funksjonar. Ulsteinvik skal vere ein stad folk trivast å bu i, å arbeide i og å besøke. Ulike tilbod, bransjar og aktivitetar gjer oss aktuelle for flest muleg.

EIT AKTUELT ULSTEIN
Ulstein skal vere ein relevant og aktuell stad, med eit aktuelt og relevant næringsliv. Vi deltek blandt dei store og hevdar oss langt utover geografiske og innovative grenser.

Samansetning

Slik ser medlemsmassa vår ut:

 

STYRET
Styremedlemer veljast av årsmøtet for 2 år. Varamedlemene møter på alle styremøta som haldast normalt 4-5 gonger per år.
Som medlem kan du ta opp saker med ein einskild styremedlem for å få saka behandla av styret.

Styreleiar: Steinar Kulen (2019-2021)
Styremedlem: Morten Ulstein (2019-2021)
Styremedlem: Agathe Teige Eiksund (2019-2021)
Styremedlem: Helene Holstad (2019-2021)
Styremedlem: Stig Brautaset (2020-2022)
Styremedlem: Knut Erik Engh (2020-2022)
Styremedlem: Oddhild Sandanger (2020-2022)
Varamedlem: Kathrine Gåsvik Ulstein (2019-2021)
Varamedlem: Are Garshol (2019-2021)
Varamedlem: Hege Karete Hamre (2020-2022)
Sekretær: Daniel Garden (dagleg leiar)

VALKOMITÉ:
Valkomitéen skal finne nye kandidatar til styreverv og spele desse inn til årsmøtet. Kontakt valnemnda om du kunne tenkje deg å stille til val eller vil foreslå ein kandidat.

Leiar: Kjersti Kleven
Medlem: Verner Larsen
Medlem: Ellen C. Kvalsund