Onsdag denne veka møtte UNF den nye sjefen for Propulsion & Engines i Kongsberg Maritime. Saman med lokasjonar i Finland og Sverige, leier Andersen Ulsteinvik-avdelinga, der Dag Skarbø er lokal leiar og har også lokalt ansvar for ettermarknad m.m.
Ulsteinvik liknar Kongsberg
-Ulsteinvik er litt som Kongsberg, seier Wenche H. Andersen. -Ein liten by med få, men store og viktige næringsaktørar som har vore med på å forme byen og lokalsamfunnet. Andersen har store delar av karriera si i dei lokale verksemdene FMC Technologies (no TechnipFMC) og Kongsberg-gruppa. Ho kjem til stillinga frå jobben som leiar for Kongsberg Digital si Asia-satsing.
Avdelinga i Ulsteinvik er viktig
På møtet deltok Jan Thormodsæter (MAFOSS), Knut Erik Engh (Ulstein kommune), Daniel Garden og Anna Klara Måseide (UNF), samt Dag Skarbø, Anette Bonnevie Wollebæk og Wenche H. Andersen frå Kongsberg Maritime. Frå dei lokale vart Kongsberg utfordra på korleis ein no ser på dei ulike lokalitetane (P&E har to i Finland, éin i Sverige og to i Noreg). -Ulsteinvik er ein sentral del av aktiviteten vår, og har blitt gjeve ei leiande særstilling blant produksjonseiningane våre, seier Dag Skarbø, noko Wollebæk og Andersen bekrefter. -Det er likevel naturleg at ein har ein viss dynamikk i resursflyten mellom dei ulike lokalitetane, men Ulsteinvik er ei viktig brikke og er også den største fabrikken i P&E, seier Andersen.
UNF, MAFOSS og Ulstein kommune forsikra Andersen om at skulle Kongsberg ønskje å satse ytterlegare i Ulsteinvik, står næringsliv og kommune klare.