14 bedrifter innan helse, servering og frisør i Ulstein har søkt staten si kompensasjonsordning for bedrifter for marsomsetnaden og fått denne innvilga. Ordninga er løpande, og fleire er i gang med søknadane sine. Vi kan derfor vente at det kjem fleire bedrifter på denne lista for kvar dag som går. Mange verksemder må først avslutte sine 2019-rekneskap og samle anna naudsynt dokumentasjon før dei kan gå inn å søke.

Omsetningssvikta for dei 14 Ulstein-bedriftene har vore på 3,5 millionar kroner for mars månad. Samla faste kostnader for same periode var 1,1 mill. Totalt har bedriftene berre fått tildelt 472.480,-. 8 av bedriftene har hatt generell omsetnadssvikt, medan 6 har vore pålagde å stenge som dermed får dekka 90% av sine faste kostnader.

– Vi mistenkjer at mange mindre bedrifter fell under tilskotsgrensa på 5.000,-, seier Daniel Garden i Ulstein Næringsforum. Han forklarar at bedrifter med td. 28.000,- i faste kostnader, med ein svikt i omsetnaden på td 50%, vil kun kvalifisere til 4.000,- i stønad etter beløpet er justert for omsetnadssvikt og eigenandelen på 10.000,-. Ettersom beløp under 5.000 ikkje vert utbetalt, får denne bedrifta ingenting ut av kompensasjonsordninga. -Det er uheldig for svært mange bedrifter i Ulstein, seier Garden.

Ulstein Næringsforum følgjer «koronasituasjonen» for lokale bedrifter og vil kome med meir informasjon om statusen i tida framover.