Arrangement Bli medlem
  • Ulstein

    Vi rettleiar og er ein ressursbank for deg som ønsker å starte nytt. Sjekk ledige næringslokaler, aktuelle arrangement m.m.

    Snarvegar:

  • Næringsutvikling

    Vi ønsker å bidra til ei positiv utvikling av næringslivet. Sjekk aktuelle arrangement for ditt fagfelt, prosjekt vi kan bidra med m.m.

    Finn aktuell info for ditt fagfelt:

    • Handel og Service
    • Profesjonell tenesteyting
    • Reiseliv og kultur
    • Helse
    • Industri
    • Finans
    • Bygg & eigedom
    • Skule & organisasjonar
  • Bli medlem
  • Arrangement
  • Bli medlem
  • Medlemer
  • Nyheitsbrev
  • Nyhende
  • Prosjekt
  • Ledige stillingar
  • Ledige lokale/-Areal
  • Om oss
  • Kontakt oss
  • Ship Technology Days
Ulstein Næringsforum
Sjøgata 32, 6065 Ulsteinvik

Bli medlem

For deg som er næringsdrivande i Ulstein, ønskjer vi å vere di fremste interesseforeining.

    Kontaktperson

    Som medlem av Ulstein Næringsforum er vi ein del av eit fagleg fellesskap som gir rom for utvikling og samarbeid.
    Magne Grimstad, Osberget AS
    Kompetansebygging

    UNF arrangerer jamnleg kurs og seminar innan ulike aktuelle tema.

    Nettverk

    Gjennom deltaking på medlemsmøter og i bransjegruppe, samt kurs og andre arrangement byggjer du nettverk blant andre likesinna i næringslivet i Ulstein.

    Rådgjeving

    UNF er sparringpartner og samarbeidsaktør for prosjekta dine, og kan knyte til seg andre eksterne ressursar for vidare utvikling.

    Dagsorden

    UNF set næringspolitiske saker på dagsorden, og talar medlemene si sak overfor eksterne etatar, organ og organisasjonar.

    0-4 årsverk

    1.000,- i medlemsavgift og 1.000,- i serviceavgift per bedrift
    Røyster på årsmøtet: 1

    5-10 årsverk

    1.000,- i medlemsavgift og 2.000,- i serviceavgift per bedrift
    Røyster på årsmøtet: 1

    11-50 årsverk

    1.000,- i medlemsavgift og 11.000,- i serviceavgift per bedrift
    Røyster på årsmøtet: 3

    51-100 årsverk

    1.000,- i medlemsavgift og 25.000,- i serviceavgift per bedrift
    Røyster på årsmøtet: 5

    Over 100 årsverk

    1.000,- i medlemsavgift og 50.000,- i serviceavgift per bedrift
    Røyster på årsmøtet: 8

    Lag og organisasjonar

    1.000,- i medlemsavgift og 2.000,- i serviceavgift per lag/org.
    Røyster på årsmøtet: 1

    Kjøpesenter

    1.000,- i medlemsavgift og 20.000,- i serviceavgift per bedrift
    Røyster på årsmøtet: 4
    Leigetakarar/medlemer i senterforeining kan nytte seg av medlemsfordelane gjennom senteret sitt medlemskap.

    Bankar

    1.000,- i medlemsavgift og 50.000,- i serviceavgift per bank
    Røyster på årsmøtet: 8

    Kommune

    1.000,- i medlemsavgift og inntil 1.000.000,- i serviceavgift
    Røyster på årsmøtet: 8

    §1 Namn

    Foreninga sitt navn er Ulstein Næringsforum med forkortelsen UNF.

    §2 Formål

    Ulstein Næringsforum skal sette dagsorden for, fremje og samordne interessene i Ulstein kommune på tvers av bransjar og mellom næringslivet, akademia og offentleg verksemd.

    Ulstein Næringsforum skal arbeide for vekstkraft. Ulstein Næringsforum skal arbeide for at folk skal ynskje å bu og arbeide i Ulstein Kommune, og for at andre ynskjer å besøke oss.

    Foreininga skal vere partipolitisk nøytral.

    Med bakgrunn i Ulstein Næringsforum sitt formål kan foreininga engasjere seg i andre selskap, føretak, organisasjonar, foreiningar, tiltak og liknande.

    §3 Medlemskap

    Ulstein Næringsforum er ei foreining for verksemder innan næringsliv, akademia, næringsorganisasjonar, frivillige organisasjonar og offentleg forvaltning som er etablert i Ulstein Kommune.

    Som medlem kan opptakast selskap, personlege føretak, Ulstein kommune og andre offentlege verksemder, organisasjonar, foreiningar og andre som styret finn eigna.

    Organisasjonsnummeret er identifikasjon for føretak, lag og organisasjonar, og nummeret er definisjonen på kven som er/kan vere medlem.

    Styret treng ikkje grunngje eit avslag om medlemskap.
    Medlemskap er først gyldig og skal reknast frå den dag kontingent er betalt.

    Under eit medlemskap kan det registrerast fleire medarbeidarar som alle kan utøve medlemsrettigheiter, men maksimalt i forhold til kor mange stemmer medlemmen har.

    §4 Utmelding, esklusjon

    Utmelding skjer skriftleg til foreininga innan 30. september med verknad frå fylgjande år. Styret kan med grunngjeving ekskludere medlemar. Ekskludert medlem kan anke vedtaket inn til årsmøtet, som avgjer anken med absolutt fleirtal.

    §5 Kontigent og serviceavgift

    Medlemane betalar ein kontingent for medlemskapet, og kontingent vert fastsett av årsmøtet for eit år av gangen og den betalast forskotsvis. Medlemmane betalar i tillegg ei serviceavgift for administrasjon og drift som også vert fastsett av årsmøtet og som betalast i lag med kontingenten.

    Kontingent er fast og lik for alle, medan serviceavgifta kan graderast etter omfang på medlemmanes verksemd. Årsmøtet fastset eigen serviceavgift for kommunen, bankar, varehus samt lag og organisasjonar.

    Kontingent og serviceavgift som ikkje er betalt innan forfall, kan medføre at medlemskapet fell bort. Krav på kontingent og serviceavgift som er ubetalt fell ikkje bort sjølv om medlemskapet blir strøket.

    §6 Styret

    Foreininga vert leia av eit styre, som er foreiningas øvste mynde mellom årsmøta. Styret består av minimum fem og maksimum sju medlemmar, med inntil tre nummererte varamedlemmar.

    Styrets medlemmar vert valt for to år, med mogelegheit for attval. Første år vert inntil halvparten av medlemmane, samt eit varamedlem valt for 1 år.

    Årsmøtet vel styrets leiar for eit år av gangen.

    Styret tilset dagleg leiar som også fungerer som styrets sekretær. Det skal førast protokoll frå styremøta.

    Styret utarbeidar instruks for valkomiteen som skal vedtakast av årsmøtet.

    Styret held møter så ofte styreleiar finn det naudsynt, eller minst tre styremedlemmar krev det. Styret er vedtaksfør når eit fleirtal av styrets medlemmer er til stades. Vedtak i styret vert fatta med fleirtal av dei avlagte stemmene. Ved likt stemmetal er møteleiars stemme avgjerande.

    Kommunen har rett til å peike ut eit styremedlem så lenge kommunen bidreg med ekstraordinære midlar (4 første år).

    §7 Rådgivande utval og bransjeforeiningar

    Styret kan opprette utval innanfor avgrensa områder eller innanfor fag/bransjar som har eigne interessefelt (bransjeforeiningar). Slike utval kan enten ha permanent karakter eller vere oppretta for kortsiktige, prosjektorienterte oppgåver og formål. Utval kan også ha rådgivande oppgåver i forhold til styret.

    Styret orienterer årsmøtet om dei utval/bransjeforeiningar som er i aktivitet.

    §8 Valkomité

    Valkomiteen skal overfor årsmøtet foreslå kandidatar til verva som styreleiar, styremedlemmer, varamedlemmer og revisor. Valkomiteen skal bestå av ein leiar og

    to medlemmar som alle vert valt av årsmøtet for eit år av gangen.

    Valkomiteens kandidatforslag til årsmøtet skal gjerast tilgjengeleg for medlemmene saman med dei andre årsmøtedokumenta.

    Valkomiteen skal sikre brei kompetanse i styret, og sjå til at styret har ei samansetning som tek i vare breidda av medlemsmassen, UNF sitt formål og næringsforeininga sine strategiske mål.

    Valkomiteen sin leiar skal før første møte be styrets leiar om ei evaluering av styrets kompetansebehov framover og korleis dei enkelte styremedlemmane fungerer. Dette slik at komiteen har eit godt grunnlag for vidare arbeid.

    Valkomiteen bør jobbe for at styrets kontinuitet vert sikra samtidig som at nye krefter får kome til. UNF sitt styre har ansvar for å kalle saman valkomiteen minst 2 månader før neste årsmøte.

    §9 Årsmøte

    Årsmøtet er foreininga sitt øvste organ. Årsmøtet vert kalla inn av styret med minst 14 dagars skriftleg varsel til medlemmane.

    Innkallinga skal innehalde saksliste for årsmøtet. Innkalling kan skje elektronisk per e-post og årsmøtedokumenta kan gjerast tilgjengelege på foreininga sine heimesider seinast 7 dagar før årsmøtet.

    På årsmøtet kan berre behandlast dei saker som er nemnd i innkallinga.
    Årsmøtet vert helde kvart år innan utgangen av juni månad. Årsmøtet vel sjølv sin møteleiar. Ordinært årsmøte skal behandle:

    1. Val av møteleiar og 2 personar til å underskrive protokollen saman med møteleiar.
    2. Godkjenning av:
      a) Styrets beretning
      b) Årsregnskap, her under disponering av resultat c) Revisors beretning
      d) Instruks for valkomiteen
    3. Fastsetting av:
      a) Kontingent og serviceavgift for kommande år b) Godtgjersle til revisor
    4. Val av:
      a) Styreleiar, medlemer til styret og varamedlemmer
      b) Leiar for valkomiteen og valkomiteens andre medlemmer c) Revisor (dersom årsmøtet ønskjer det)
    5. Innkomne forslag, her under forslag til vedtektsendringar. Medlemmar må skriftleg melde saker til styret innan 31. mars før komande års årsmøte.
    6. Andre saker som er nemnt i innkallinga.

    Protokoll frå årsmøtet skal signerast av møteleiar og to valte representantar frå medlemmane som er på møtet. Protokollen skal gjerast tilgjengeleg for medlemmane på foreiningas heimeside.

    §10 Stemmegjeving på årsmøtet

    Stemmerett på årsmøtet har berre møtande representant for medlemmane eller møtande ved skriftleg og datert fullmakt. Saman med innkallinga vert det gjort tilgjengeleg ein oversikt over foreininga sine medlemmar og dei stemmer som er registrerte for den enkelte medlem.

    Vedtak vert fatta med alminnelig fleirtal av møtande representantar. I tilfelle stemmelikskap tel møteleiars stemme dobbelt.

    Stemmerett på årsmøtet vært gjeve etter fylgjande fordeling for kvart medlem:

    0-10 årsverk 1 stemme
    11-50 årsverk 3 stemmer
    51-100 årsverk 5 stemmer
    Over 100 årsverk 8 stemmer
    Lag og organisasjonar 1 stemme
    Varehus 4 stemmer
    Bankar 8 stemmer
    Kommunen 8 stemmer

    På årsmøtet kan det likevel berre stemmast slik at ingen av medlemsbedriftene kan stemme for meir enn 10% av dei avlagte stemmene.

    Ekstraordinært årsmøte vert halde når styret finn det naudsynt, eller når minst 1/3-del av foreininga sine medlemmar skriftleg krev det. Innkalling og stemmegjeving skjer på same måte som på ordinært årsmøte.

    §11 Revisjon

    Dersom årsmøtet ønskjer det kan det veljast revisor.

    §12 Vedtektsendringar

    Endringar i vedtektene kan berre gjerast på ordinært årsmøte, med minst 2/3-dels fleirtal av stemmene. Vedtektsendring trer i kraft med ein gong.

    §13 Oppløysing, samanslutning og deling

    Forslag om oppløysning kan fremmast av styret eller minst 1/3 av foreiningas medlemmar. Forslaget skal vere skriftleg og grunngjeve, og skal sendast ut til medlemmane med minst ein månads varsel før saka skal handsamast.

    Oppløysning av foreininga kan berre handsamast på ordinært årsmøte. Vert oppløysning vedtatt med minst 2/3 fleirtal, vert det innkalla til eit ekstraordinært årsmøte 3 månader seinare. For at oppløysning skal skje, må vedtaket gjentakast med 2/3 fleirtal i ekstraordinært årsmøte.

    Det skal veljast eit avviklingsstyre som skal sørge for avvikling. Det ordinære styret kan veljast til avviklingsstyre og får stilling som avviklingsstyre om ikkje anna val vert gjort. Ved oppløysing skal foreiningas kreditorar varslast.

    Samanslutning med andre foreiningar eller deling av foreininga vert ikkje rekna som oppløysning. Vedtak om samanslutning eller deling og naudsynte vedtektsendringar vert gjennomført i samsvar med § 12, Vedtektsendringar. Styret skal i dette høvet utarbeide ein plan for samanslutning eller deling som årsmøtet skal stemme over.

    §16 Foreiningas midlar ved oppløysing

    Foreiningas midlar skal ved oppløysning og etter vedtak i årsmøtet delast ut til verksemd, organisasjon(ar), foreining(ar), tiltak og/eller liknande i Ulstein kommune som samsvarar med foreiningas formål.

    Vedteke på stifingsmøtet den 27 mai 2019.
    Kontakt oss
    © Ulstein Næringsforum 2025
    Retningslinjer for personvern
    Foto: © Fotograf Cecilie Hatløy