Lokale varer og tenester
-Å støtte bedriftene der ein bur er viktig, seier Daniel Garden, dagleg leiar i Ulstein Næringsforum. -Men dette må gjelde bedriftene sjølve óg! Rekneskapstenester, revisjon, marknadsføring, reinhald, trykk og banktenester. Det er mykje som bedriftene i Ulstein i dag handlar andre stader enn lokalt. IKT-utstyr, kontormøblar, og ikkje minst innsatsvarer til eigen produksjon – kan våre eigne bedrifter støtte sitt eige lokalsamfunn ved å hente heim tenestene til Ulstein? spør han.
Lojalitet
Garden trur at bedrifter som ein del av den lokale dugnaden, bør sjå på om det ein i dag handlar frå andre stader, kan kjøpast inn lokalt. -Å styrke lokale bedrifter er å bruke dei, anten som privatperson eller som bedrift, meiner han, og seier vidare at den totale robustheita til lokalt næringsliv er også ei av forutsetnadane for at ein sjølv kan drive bedrift her. Då må vi vere litt ekstra lojale i desse korona-tider, seier Garden.
UNF kan hjelpe
Ulstein Næringsforum oppfordrar lokalt næringsliv om å hente heim tenester som kan kjøpast inn lokalt, og å gå i dialog med lokale bedrifter om evt innkjøp av varer til eiga drift. -UNF hjelper gjerne til med å finne fram tilbydarar! seier Garden. Vi er i dag ein stab på tre medarbeidarar og har etter «korona» inntraff lagt litt andre oppgåver til side for å aktivt avhjelpe situasjonen for medlemene. Medlemsbedrifter må ikkje vere redde for å bruke oss, fortel han, og legg til at det kan dreie seg om små bagatellar eller store utfordringar. -Vi er her for å bistå, avsluttar Daniel Garden.