• Eigenandelen på 10 000 kroner, som verksemder må betale dersom dei ikkje er stengde ned av staten, er vurdert som for høg. Den vert derfor halvert til 5 000 kroner frå og med søknaden for april. Ifølge estimata til styresmaktene vil det føre til at rundt 10 000 fleire bedrifter vil kunne bli omfatta av ordninga. Ingen vil få kompensert alt, og ein vil derfor halde på ein mindre eigenandel.
  • Det vert opna for at verksemder som er pålagde å stenge vil få kompensasjon for uunngåelege kostnader i samband med stell av dyr. Dette inkluderer også fôr. Dette kjem først på plass for søknadsrunda som gjeld for april, men vil bli tilbakebetalt for mars.
  • Det arbeidast vidare med å få på plass ein utrekningsmodell som skal treffe sesongbedriftene betre. Desse bedriftene, td. alpinsenter og fornøyelsesparkar, tener pengar i løpet av ein kort periode, som dei brukar til å dekke kostnadane gjennom heile året. Dei er derfor ekstra sårbare for midlertidig omsetningstap dersom det skjer i høgsesongen. Modellen for sesongbedriftene er snart klar, men det vert lagd opp til ei samla etterbetaling for mars, april og mai.