Ulstein Næringsforum (UNF) arrangerte i dag bransjefrukost for bygg- og eigedomsbransjen. Inviterte bedrifter var medlemer i UNF og 16 verksemder innan for bygg/anlegg og eigedomsutvikling/-forvaltning var til stades.
Monica Torp frå Ulstein kommune inviterte bransjen til deltaking i Smarte Bygg/Smart Framtid Idélab, der Ulstein kommune har engasjert forskarar frå SINTEF, Møreforsking, Forskingsrådet, NCE iKuben samt Innovasjon Norge, nabokommunar og privat næringsliv til ein idélab rundt framtidas utfordringar i utforming av bygg, funksjonar og teknologi.
Kjell Einar Hatløy frå W Hatløy Eigedomsmegling gjekk gjennom utleigekontrakter og mulege fallgruver for utleigarar.
Bygg- og eigedomsbedriftene vil halde fram med å treffast på faste medlemsmøter der ulike prosjekt kan presenterast og diskuterast, utviklingsplanar og næringspolitiske saker kan takast opp.
Gruppa heiter UNF Bygg og eigedom og har i dag 20 verksemder som medlemer.