Anna Klara Måseide er tilsett som prosjektleiar i Ulstein Næringsforum for å leie eit prosjekt knytta til turisme og arrangement.
Ho kjem frå stillinga som prosjektleiar hos Samvalgssenteret ved Universitetssykehuset Nord-Norge, der ho dei siste fem åra har arbeidd med å implementere samval i helsetenesta ved å utvikle helseinformasjonstiltak som gir pasientar betre vilkår for å gjere val knytte til behandling i samarbeid med legen sin.
Måseide er lektor og samfunnsvitar, har ein master i tysk litteratur og ein bachelor i media og kommunikasjon og europeiske studier.
Ho har tidlegare arbeidd i Køln med produksjon av helseinformasjon, vore marknadssjef ved Filmfestivalen i Tromsø (TIFF) og trainee ved det Nord-Norske EU-kontoret i Brussel.
Anna Klara er opphaveleg frå Tromsø, men har familie og anar på Sunnmøre, og gler seg stort til å få jobbe fram unike konsept saman med flotte partnerar i Norges mest spennande region.
Måseide tok til i stillinga 9. mars.
Daniel Garden
dagleg leiar