Industrien i Ulstein

71% av næringslivet i Ulstein er industri, målt i omsetning. Industrien er vår største arbeidsgjevar og har ei stor breidde innan fagfelt, kompetanse og funksjonar.

Industrien i Ulstein har ei omsetning på ca 6 mrd NOK og sysselset 2260 menneskje. Sjølv i nasjonal målestokk finn ein få kommunar med like stort innslag av kompetanseindustri som her. Vår industri er verdsleiande innan innovasjon på skipskonstruksjon, framdriftssystem, design og eit vell av produsentar av ulikt skipsutstyr og -løysingar.

I tillegg har vi industribedrifter innan mekanisk, robotikk, energiproduksjon, bygg m.m.

Næringsklynga og samarbeidet mellom bedriftene i kommunen og regionen er kanskje vår sterkaste konkurransekraft. Ulstein Næringsforum er ein viktig bidragsytar for å bevare samhandlinga og videreutvikle verksemdene og er derfor ein viktig aktør for næringslivet i Ulstein og regionen!
Are Garshol, Mare Safety AS