Gjennom samarbeid med RISE, GCE Blue Maritime Cluster og dei ulike fag-konsortia i Europa innan skipsteknologi, skal vi bringe fagmiljøa lokalt til verda og verda til oss.
Industriverksemder frå Ulstein og omegn har mange teknologiske høgkompetansearbeidsplassar. Desse skal vi vere med på å styrke, då vi meiner at gjennom auka kompetanse og auka relevans ute i Europa, vil ein kunne styrke konkurransekrafta til våre lokale bedrifter.
Vi vil hente heim ny kunnskap og gjere fagmiljøa i andre land vane til å samarbeide med norsk kompetanseindustri. Prosjektet skal knyte vårt lokale fagmiljø tettare på andre fagmiljø og skape ein plattform for utveksling av kompetanse, innovasjon og å byggje nettverk.
Deltakande bedrifter (førebels):
- Ulstein Design & Solutions
- DNV-GL, Ulsteinvik
- Kongsberg Maritime CM
- Kleven Verft
Andre partnerar:
- RISE
- Center of Maritime Technologies gGmbH (CMT)
- Sparebanken Møre
- Ulstein Kultur- og Konferansesenter AS
Program:
Dersom di bedrift ønskjer å delta i prosjektet, kontakt prosjektleiar.