Ein multi-verkstad der ulike bransjar, kompetansar, generasjonar og ideár sam-skapar.

Gode krefter

Skaparhuset er ein idé frå NCE iKuben som saman med Sparebanken Møre, Møre og Romsdal fylkeskommune, Ulstein kommune, Ulstein Næringsforum, ÅKP, Høgskulen i Volda og Maritim forening for Søre Sunnmøre står bak.

Utstyr

I Skaparhuset skal det meste vere på plass av verktøy og utstyr, så ein berre kan tilsette gode hovud saman med andre gode hovud for å skape noko nytt, noko betre – noko disruptivt: 3D-printarar, laserkuttar, metallsløyd, robotlab, koding, sensorikk, tre- og tekstil, plast, stort og smått.

Konsept

I Skaparhuset kan bedrifter, enkeltpersonar, skular og andre vere medlem eller leige seg inn for einskilde prosjekt. Her kan ein lage og prøve ut prototypar og nye idéar – kanskje med innspel frå andre som brukar Skaparhuset samtidig?

Lokale

Lokala vert innreidd fleksibelt med ulike soner; lounge, grovverkstad, møterom, undervisning, utstyrssoner, arbeidsstasjonar m.m.
Skaparhuset kjem i Sjøgata 30, i dei tidlegare lokala til ÆRA, og opnar i august 2020.

 


Besøk Skaparhuset på www.skaparhuset.no