Dersom du ser ei bie på asfalten, befinn du deg i Trivselsgata – ei ny og grønare gågate i hjartet av Ulsteinvik. Bia er designa av Therese Myrene i Tegneren, og symboliserer det vi ønskjer at sentrum skal vere: trygt, inkluderande og triveleg – for både folk og insekt 🐝
🪴 På Kulturallmenningen har vi bygd store plantekasser som skal gjere plassen lunare og skjerme mot parkeringsplassen. Her har vi òg fått på plass ein heilt ny «bysofa» – tre benkar av tre og med fargen saftsuppe, inspirert av solnedgangen på Flø 🌅
🧹 For nokre veker sidan hadde vi dugnad i parken bak legesenteret. Den har vore delvis attgrodd, men har stort potensial som ein lun, grøn korridor midt i sentrum.
🐝 Robotklipparen er parkert på rådhusplenen, slik at delar av graset kan vekse – og gi mat til biene!
🪑 Og har du testa dei nye benkane her? Dei er laga i cortenstål, som får ein varm rustraud tone over tid – og står i stil med det maritime uttrykket i Ulsteinvik.
🌳 Seteflata på benkane er laga i garapa, eit robust treslag som varer lenge – utan behov for impregnering.
🔧 Alle benkane er levert av lokale leverandørar, noko vi er stolte av å kunne løfte fram.
Vi kjenner oss allereie litt meir heime i Trivselsgata – og det gjer biene òg 🐝💛 (sjå siste bilde!)
Meir skal skje framover – så følg med!
👉 Har du idear eller tankar om Trivselsgata? Send dei gjerne til sentrumskoordinator Rebekka Louise Knotten på rebekka@ulstein-nf.no – eller fyll ut skjema her!