Stad skipstunnel er eit nasjonalt prosjekt som vil redusere risikoen for skipsulukker, ventetida for skipsfart, samt å legge til rette for meir sjøtransport av gods. Tunnelen vil redusere verditap i fiskerinæringa og ha positive effektar for næringslivet på kysten. Med ein skipstunnel gjennom Stad vil det bli etablert ei ny, samanhengande hurtigbåtrute mellom Bergen og Ålesund, noko som vil medverke til ein utvida bu- og arbeidsmarknadsregion.

Kva er status?

Stad skipstunnel ligg fullfinansiert i investeringsramma for Nasjonal transportplan 2018-2029. Det er sett av 1,5 milliardar kroner til prosjektet i første planperiode, og 1,2 milliardar kroner i andre planperiode for NTP. Den siste kvalitetssikringa av styringsgrunnlaget og kostnadsoverslaget (KS2) var ferdigstilt mai 2018.

2. desember 2020: Regjeringspartia er blitt einige med Framstegspartiet om 75 millionar i oppstartsmidlar til Stad skipstunnel på neste års statsbudsjett. Det betyr byggjestart for Stad skipstunnel i 2021.