Bakgrunn og formål

Næringslivet og samfunnet i Ulstein kommune har siste tiåra hatt store konjunktursvingingar som har forandra korleis næringslivet er samansett. UNF ønskjer ein årleg «tilstandsrapport» på næringslivet samt å sette søkelyset på kva områder vi er sårbare på og ikkje minst kva områder som kan gi nye mulegheiter.

Samspelet mellom ein aktiv kommune, som sjølv er ein viktig næringsaktør og arbeidsgjevar, og eit næringsliv som stadig går gjennom omstillingar er viktig, og saman kan desse vere med å stake ut ein framtidig kurs for samfunnsutviklinga i Ulstein og i regionen rundt oss.

Delprosjektet «Ulsteinanalysen»

Denne skildringa er langt på veg ført i pennen av Møreforskning i samband med første fase av denne prosessen i slutten av 2019.
UNF ønskjer ei breidare anlagd analyse for heile kommuna, utover ei enkel telling av tal på verksemder og sysselsetting. Det kan tenkjast ulik grad av omfang på analysen som påverkar kompleksitet i gjennomføring og tilhøyrande tids- og ressursforbruk. Ei avklaring mellom UNF og oppdragsforskar om ambisjonsnivå og kor breidt analysa skal femne vil vere naudsynt før eit endeleg kostnadsbilete kan skisserast.

Mulegheitsområde for analysen

Ei muleg avgrensing for analysa kan vere å synleggjere kva økonomiske verdiar som skapast i kommuna og innanfor kva næringar verdiskapinga skjer. Avgrensinga tilseier at fokuset primært er å skildre tatus for næringsutvikling og grunnlag for verdiskaping i Ulstein kommue i lys av utviklinga dei siste åra (finanskrise => oljekrise => offshorekrise => omstilling => covid-19).

Det finns ulike indikatorar som kan leggast til grunn for å belyse kommuna si samfunnsmessige betydning. Verdiskaping er eit sentralt begrep då det, i motsetnad til omsetning, måler meirverdien som skapast etter fråtrekk for innsatsen av varer og tenester. I produksjonen. Meirverdien fordeler seg mellom ulike interessentar i form av løn til tilsette, avkasting til kapitaleigarar, renter til kreditorar og skattar og avgifter til styresmakter.

Det finns også alternative indikatorar som mål på samfunnsøkonomisk betydning. Til dømes lønsemd i verksemdene (som eit mål på avkastning til kapitaleigarar), produktivitet (verdiskaping per sysselsett), lønsnivå (som også omfattast i verdiskapingsomgrepet, men der kompetansenivå kan vere eit viktig element), eksportinntekter (men, vanskeleg å få tal på kommunenivå), og sysselsetting (fordi lav arbeidsløyse og høg yrkesdeltaking er eit mål i seg sjølv). Utover dette kan det vere aktuelt å inkludere andre indikatorar knytta til arbeidsmarknaden, som td. Pendling då Ulstein inngår i ein større arbeidsmarknadsregion, og indikatorar knytta til næringsutvikling som td. nyetableringar.

I tillegg til analyse av indikatorar knytta til sjølve storleiken på verdiskapinga, så kan det vere hensiktsmessig å belyse utviklingstrekk ved nokre demografiske tilhøve som gir grunnlag for den verdiskapande aktiviteten. Utviklingstrekk ved befolkningsstrukturen kan belyse korleis ein lukkast med å skape attraktive arbeidsplassar og bustadseigenskapar for rekruttering av arbeidskraft og kompetanse. Relevante indikatprar kan her vere alders- og kjønnsfordeling, utdanningsnivå, fødselsoverskot, flytting og innvandring.

Det vil også vere andre verdiar som er relevante i eit samfunnsøkonommisk perspektiv, utover dei som er gjeve ovanfor, og som bidreg til å skape ein attraktiv kommune, slik som kvaliteten på offentlege tenester, kulturttilbod, natur osb. Dette ligg pt. utanfor analyseoppdraget, men bør diskuterast internt i Ulstein kommune om ein ønskjer å innlemme det før bestillinga vert gjort.

I skildringa ovanfor har ein lagd til grunn ein analyse av relevante (men, ikkje nødvendigvis uttømande) indikatorar for skildring av status og utvikling relatert til næringsstruktur, arbeidsmarknad og befolkningsstruktur i Ulstein kommune. Så er spørsmålet om ei skildring av tilstandedn i Ulstein kommune isolert sett er tilfredsstillande ut frå ønska formål og ambisjonsnivå for analysen? Analysen kan også utvidast til å belyse utviklinga i UIstein med andre kommunar eller region (Søre Sunnmøre?) som referanse. Det kan også vere å vurdere strukturelle årsaker og drivarar bak utviklinga. Eller også, skildre konkurransesituasjonen i sentrale marknader som er viktige for verksemdene i Ulstein.

Datakjelder og nokre generelle utfordringar

Datakjeldene er mange, og det er uttrykt at dei opplevast som ufullstendige i høve å kunne gi eit korrekt bilete av næringslivet i kommunen. Eit påpeika dilemma er knytt til underavdelingar med lokal tilstadevering, som ikkje rapporterer under Ulstein kommune sine næringsoppgåver. Men, det kan også tenkjast at det finns føretak i Ulstein med underavdelingar lokalisert utanfor kommunen.

Eit viktig element vil derfor vere å kartlegge kva kjelder og indikatorar som er mest hensiktsmessige å bruke for å kunne seie noko objektivt om fenomen som ein ønskjer opplyst. Det vil innebere å velje robuste og tidskonsistente indikatorar frå pålitelege kjelder. Relevante kjelder er td. SSB (strukturstatistikk), NAV (arbeidsløyse), Brønnøysundsregisteret (økonomi) og KOSTRA (kommunal og fylkeskommunal verksemd).  Langt på veg vil ein søke etter data på kommunenivå, som allereie ligg lett og rimeleg tilgjengeleg. Men, det kan vere avgrensingar i nøyaktigheit og nivå på slike data, og at einskilde data må spesialbestillast frå kjelda mot ein kostnad.

I tillegg er er det særlege utfordringar knytta til innleige/utleige av arbeidskraft i måling av sysselsetting, og økonomiske storleikar hjå underavdelingar med lokal tilstadevering eller i verksemder som ikkje er rekneskapspliktige. Der sekundærdata ikkje gir tilstrekkeleg informasjon kan det vere aktuelt å supplere med ein begrensa Survey mot eit utval av bedrifter, men dette vil også innebere ein ekstra kostnad.

Budsjett/kostnadsanslag «Ulsteinanalysen»

Med bakgrunn i diskusjonen over, skisserer vi følgjande forslag og omtrentlege kostnadsanslag. Arbeidspakkane som skildrast representerer trinnvis aukande grad av ambisjonsnivå for analysen.

1. Grunnleggjande analyse

Dette vil vere ein deskriptiv analyse med fokus på å belyse utviklinga i verdiskapande aktivitet for næringslivet i Ulstein kommune basert på tilgjengelege sekundærdata. Analysen det første året vil også inkludere ei kartlegging av kva indikatorar og datakjelder som er mest hensiktsmessige å bruke for å gjennomføre ein robust og objektiv analyse. Vi anslår tidsbruken til ca 2,5 vekesverk. Vi tek atterhald om at eventuelle data som må spesialbestillast på kommunenivå kan medføre ein ekstra kostnad.

2. Survey blant lokale verksemder

Dersom det skulle vere naudsynt å skaffe data om tilhøve som ikkje føreligg i tilfredsstillande grad gjennom sekundærdata, kan det vere aktuelt å gjennomføre ein Survey blant lokale verksemder. Dette kan td. gjelde bruken av innleigd arbeidskraft, utsikter, kompetansebehov, eksport osb. Her anslår ein tidsbruken til ca 2 vekesverk for datainnsamling og bearbeiding.

3. Benchmark

Denne analysen inkluderer samanlikning/benchmark mot ein referanse. Referansen kan vere andre kommunar eller ein region, og ein må rekne med at det er noko meirarbeid i analysen sitt førsteår med å fastsette kva kommunar/regionar som skal utgjere referansegrunnlaget. Ei slik samanlikning baserast på sekundærdata for ei konsistent samanlikning. Anslått tidsbruk er 3-4 arbeidsdagar.

4. Analyse av strukturelle tilhøve

Analysen her er meint å utbrodere den grunnleggande analysen og samanstille denne med andre konjunkturanalysar og påvise trendar og drivarar som er relevante for næringslivet i Ulstein. Anslutt tidsbruk her er eitt vekesverk.

Gjennomføring

Sidan det naturleg nok er ei viss forseinking i tilgang på bearbeida (fjorårs-) data frå sekundærkjeldene, så vil gjennomføringa av analysen tidlegast kunne skje på tidleg haust. UNF ser føre seg at funna i analysen då kan presenterast til kommune og næringsliv under ei samling («Ulsteinkonferansen») på seinhausten/før jul.

Det vil verte teke ei runde saman med mulege leverandørar av analysen i forkant av bestillinga for å belyse rett kostnadsbilete og omfang av analysen.

Delprosjekt «Ulsteinkonferansen»

UNF meiner at «Ulsteinanalysen» kun kan fungere som første steg i ei meir profesjonell tilnæring av samfunns- og næringsutvikling i kommunen, og at det er kva ein bruker funna i analysen til som avgjer om ein lukkast med å forbetre utviklinga. Næringslivet kan ikkje, og bør ikkje, stå for denne prosessen åleine. Ein kommune sine oppgåver framgår av lovverket, men er for øvrig negativt definert. Det vil seie at kommunane kan ta på seg alle oppgåver som ikkje lovgjevinga eksplisitt har lagt til andre forvaltningsorgan.

Kommunen spelar ei stor rolle både som offentleg organ og tenesteytar. Men for å få balansen mellom skatteinngang og kostnader på tenester til å gå i hop, har ein kommune mindre mulegheiter til å påverke inntektsgrunnlaget sitt enn td. ei verksemd, og må arbeide i meir indirekte former. 

Eit slikt samarbeid med næringslivet i kommunen vil vere éin av desse formene, der kommunen aktivt kan delta i lokal samfunnsutvikling.

Presentasjon av analysen sine funn

UNF meiner at oppdragsforskaren (privat eller offentleg forskingsinstitutt/-byrå) legg fram funna i ein komplett og utfyllande rapport, samt presenterer ein lettfatteleg og oppsummerande samanfatning på ei felles samling mellom kommune og næringsliv.

Funna skal legge grunnlag for ein styrt prosess der næringsliv og kommune diskuterer funna, samt kva ein saman kan gjere for å finne rette vegane i utviklinga vidare.

UNF ønskjer å tilrettelegge for denne prosessen ved å arrangere «Ulsteinkonferansen» der presentasjonar frå analyse, næringsliv og kommune kan kummulere ned til diskusjonar og workshops for å ende opp med konkrete planar for vidare utvikling.

Viktige suksesskriteriar

For å lukkast med denne idéen, må følgjande element vere tilstades.

1. Kommune og næringsliv må forpliktast inn i prosessen

Ulstein kommune bør forplikte seg inn i prosessen over fleire år, der ein tek sikte på å bruke funna for å styre mot ei ønska utvikling. Ein årleg analyse vil kunne også seie noko om utviklinga går i rett retning.

Næringslivet gjennom dei store verksemdene, UNF, verkemiddelapparat og utviklingsselskap bør delta for både å kunne knyte eigne program og tiltak til prosessen samt sjølve vere med på å forme tilhøva til eiga verksemd.

Kan ein sjå føre seg ein «partnarskapsavtale for lokal utvikling» mellom næringsforeining, kommune, større verksemder og verkemiddelapparat?

2. Pilotprosjekt

UNF ønskjer at analysen og prosessen i etterkant vert brukt som pilotprosjekt for Møre og Romsdal eller Kommunal- og Moderniseringsdepartementet der ein ser på om denne form for sam-utvikling mellom næringsliv og kommune er ei god form og kva effektar den kan gi.

Vi vil derfor gjerne delta i eit samarbeid med desse der andre delar av det offentlege, forskingsmiljø og næringsliv kan koplast på for å kunne lære av prosessane her lokalt.

3. Workshop og diskusjon

Det er når analysen leggast fram, ein kan bruke den som grunnlag for diskusjon og deretter forme eit kart og ei retning vidare. UNF og Ulstein kommune må arrangere ein årleg treffstad for både presentasjon av analysen, diskusjonar rundt funna og ei ønska utvikling, samt konkrete prosessar/workshops for å sette mål og korleis ein vil nå dei saman.

4. Konklusjonar og tiltak

Dei konkrete målsettingane og tiltaka som ein kjem fram til, må leggast inn i strukturelt arbeid fram mot neste års samling. Tiltaka må vere målbare og leggast til ulike deltakarar etter hensiktsmessig plan.

Tiltaka kan også innarbeidast som ein del av det oppdragsforskinga måler effekten av i påfølgande år.

Budsjett

Dei konkrete kostnadene knytta til denne idéen heng mest saman med sjølve innkjøpet av analysearbeidet samt sjølve samlinga der ein tek tak i funna; altså Ulsteinanalysen og Ulsteinkonferansen. I tillegg kjem det ein del administrering av arbeidet frå oppdragsgjevar si side, koordinering av prosessen vidare mm.

Det er ikkje gjort vurderingar av muleg finansiering så langt i prosessen.

Gjennomføring

Arbeidet med å finansiere opp analysen og konferansen vil legge band på innsatsen no i første kvartal 2021. Vidare vil oppdraget skisserast opp saman med ulike tilbydarar innan oppdragsforsking og oppdraget sendast ut på «anbod».

I 2. kvartal vil rekruttering av næringsliv, verkemiddelapparat og andre interessentar og bidragsytarar ta til. 

Etter sommaren (3. kvartal) skal fokuset vere på å samordne seg med oppdragsforskaren slik at modellar, datakjelder og «skjelett» for analysen er klart til å fylle på med ferske tal for 2020. Samstundes legg ein opp ein prosess for korleis ta funna frå analysen vidare saman med kommune, utviklingsselskap og næringsforeining. 

Ulsteinkonferansen planleggast på bakgrunn av dette og verksemder/personar inviterast.

Ein må no også kvalitetssikre finansiering av Ulsteinanalysen 2022.

Konferansen gjennomførast i 4. kvartal og prosessen leier oss til konkrete tiltak og fordeling av oppgåver mellom kommune, næringsforeining og einskilde verksemder. 

 

Status

  • Formannskapet i Ulstein kommune har 11. mai 2021 innvilga 200.000 kr frå næringsfondet til støtte av prosjektet.
  • UNF har starta prosessen med å source samarbeidspartnarar for datainnhenting og planlegging av prosjektet.