Bakgrunn for prosjektet
Søre Sunnmøre er ein arbeidsregion med mykje utflytting blant unge, og flyttestatistikken viser at svært mange aldri kjem tilbake. Regionen blir sett på som ein svært attraktiv stad å jobbe dersom ein ønskjer å arbeide innanfor den maritime sektoren, og mange har inntrykk av at det ikkje finst interessante jobbar i andre bransjar. Ein ser allereie eit kvinneunderskot, noko som truleg vert forsterka framover. Den maritime klynga er svært mannsdominert, noko som kan gjer det vanskeleg å tiltrekke seg unge kvinner. Ulstein kommune har ein høg del arbeidsplassar i privat sektor. Her er det mykje intern rekruttering, noko som gjer det utfordrande for tilflyttarar. Som ein ser er det lett å hamne i ein dårleg sirkel med negativ befolkningsvekst og kvinneunderskot.
Forprosjektet kan sjåast i tråd med NOU 2020:15 Det handler om Norge, som utgreier problemstillingar som omhandlar negativt folketal og ei aldrande befolkning. Distrikta er avhengige av auka rekruttering av unge arbeidstakarar. Det er dei unge som flyttar mest, noko som gjer dette til ei gunstig målgruppe å rette seg mot. Det er betrakteleg fleire unge vaksne som flyttar ut av distrikta enn inn. Motivet er som regel utdanning eller betre jobbtilbod. Å jobbe for å tiltrekke seg unge vil kunne bidra til befolkningsauke i seg sjølv, i tillegg til at desse ofte etablerer familiar og får barn. Å fokusere på denne målgruppa vil altså kunne auke folketalet og hjelpe å motvirke ei aldrande befolkning. Eit traineeprogram rettar seg nettopp mot unge vaksne og utgjer derfor eit godt tiltak for å møte desse utfordringane, og er med å skape eit berekraftig velferdssamfunn. Vidare viser utreiinga at flytting som regel skjer rett etter studiar. Eit traineeprogram sikter seg spesielt inn mot dei som nettopp har fullført studiane, og kan motivere studentane til å velje Søre Sunnmøre som ny heimstad. Traineeprogram trekkast også fram som eit verkemiddel med høg bufastheit. Det nemnast at tilbod om fast jobb og sosialt miljø er viktig for å lukkast med eit slikt program. Det viser seg også at traineear ofte blir lengre i stillinga enn andre i sin fyrste jobb.
Innhald i forprosjekt
Vi skal bruke dette forprosjektet til å kartlegge moglegheiter som finst i regionen. Etterkvart i forprosjektet ønskjer vi å få sett nokre rammer for korleis traineeprogrammet kan sjå ut. For å få til det er vi avhengige av å være i dialog med næringslivet på Søre Sunnmøre, for å få innsikt i kva det reelle behovet er. På den andre sida vil vi også kontakte potensielle traineer for å få eit betre innsyn i kva dei treng og ønsker. Vidare vil vi knytte kontakt med andre traineeprogram for å sanke inn erfaring og kunnskap. Mot slutten av prosjektet er målet å ha ein konkret plan for korleis eit traineeprogram kan gjennomførast på best mogleg måte her på Søre Sunnmøre. Vi har ambisjonar om å søke om stønad til eit fullskala prosjekt for å realisere traineeprogrammet. Frida Voldnes leiar forprosjektet, og er akkurat ferdig med sin master i innovasjon, entreprenørskap og samfunn.