Det globale konsulent- og rådgjevingsselskapet WSP er blant dei beste fagmiljøa i verda på utvikling av berekraftig bygde samfunn. I september 2023 oppretta dei miljøavdeling i Bergen med Kari Mjømen som leiar.
Kari Mjømen er miljørådgjevar og har svært god kompetanse og lokal erfaring med ombruk og klimaarbeid. Ho er godkjent Breeam AP og har i det siste òg arbeida med fleire FutureBuilt-prosjekt og Svanemerket-bygg. Kari skal snakke om taksonomikrava knytt til sirkularitet og vise døme på ombruksløysingar i rehabiliteringsprosjekt.
Kristina Esposito er ingeniør innan bygningsfysikk og energi. Ho skal forklare kva som er taksonomikrava for klimareduksjon og energisparing i bygg- og rehabiliteringsprosjekt. Kristina har lang erfaring med energioptimalisering i verneverdige bygg i Bergen. Ho kjem òg til å gå gjennom diverse støtteordningar, og kjem nærare inn på moglegheiter for Enova-støtte til klimatiltak.
Det vert med andre ord eit viktig og matnyttig bidrag frå WSP på Berekraftig Bygg 26. september – vi gler oss! 🙂