Therese Myrene i Tegneren har laga den fantastiske logoen til Visit Ulstein og satt den i hop med ein typografi og eit fargeval som er representativt for området vårt her ute i havgapet.
Dei fine fargane er lune og gjenkjennelege frå turar rundt i lyng og hei, kun satt i kontrast opp mot dei litt meir spreke fargane, som ein finn att i havet ved Roppesanden eller på himmelen ved solnedgangen på Flø.

Ta ein titt i bileta og bli betre kjent med reiselivsfargane våre her i Ulstein.