– Vi ønskjer å skape eit sentrum som både tek vare på alle generasjonar og som er levande også utanfor opningstidene til butikkane. Då er det spesielt viktig å lytte til dei som snart skal forme sitt eige vaksenliv og familieliv her, seier prosjektleiar og sentrumskoordinator Rebekka Louise Knotten.

Dette likar ungdomane i sentrum

Ungdomsrådet trekte fram fleire kvalitetar som allereie gjer Ulsteinvik til ein god plass å vere. Dei er samde om at sentrum framstår reint og ryddig, og dei set stor pris på sjøutsikta. Saunesparken og skateparken vart også trekt fram som møteplassar som bidreg til at ungdomane føler seg velkomne. Samstundes var fleire ærlege på at dei i liten grad brukar sentrum i dag.

Kva kan bli betre?

I samtalen om forbetringspotensial kom det fram mange gode innspel, både for unge og eldre brukargrupper:

🌳 Fleire benkar og møteplassar – slik at også eldre og pensjonistar får eit triveleg sentrum
🎨 Meir grønt, kunst og kultur
Sportlege aktivitetar og liv i gata
🔌🏠 Overbygde møteplassar med tak og ladekontaktar

– Eg synest det er veldig fint at ungdomane også er opptekne av at dei eldre skal trivast i sentrum. Det viser ei sterk medvitskjensle om at byen vår er til for alle, seier Knotten.

Ungdomane heiar på Trivselsgata

Etter innspelsrunden fekk ungdomsrådet høyre meir om arbeidet med Trivselsgata-prosjektet, som Ulstein Næringsforum driv saman med Ulstein kommune. Nokre av dei hadde allereie kome med innspel i oppstarten i 2024 – og dei kunne no sjå at fleire av ideane faktisk er realiserte.

Ungdomane likte særleg godt Ulsteinbia, det fargerike biesymbolet som har dukka opp på asfalten i Trivselsgata. Dei likte både symbolikken og at byen har fått meir leik og fargar – noko som har vore mangelvare langs handleruta.

Viktig med ungdomsblikket

For Ulstein Næringsforum er det avgjerande å ha ungdomane med i prosessen. – At vi får ungdomen si «velsigning» og engasjement gjev prosjektet ein ekstra dimensjon. Vi vil fortsette å lytte til deira behov og idear undervegs, seier Knotten.

Ulstein Næringsforum takkar både ungdomsarbeidarane i kommunen og ungdomane i rådet for innsatsen og engasjementet.