Dei skaper ei fin, tryggare og meir levande sone midt i sentrum av Trivselsgata 

Ikkje minst ser vi at fleire og fleire tek seg ein kvil på den nye flotte bysofaen vår, som vi synst det er veldig kjekt at kjem frå lokal leverandør i Sykkylven 

Alt vi gjer i dette prosjektet skal ha fokus på det lokale og naturinspirerte. Plantene i kassene er til dømes valt ut med vekt på naturleg tilhøyrigheit i vår flora, og vi har vore spente på om villplommetreet og rogna som vi henta frå parken bak legesenteret kom til å klare seg etter flyttinga! Men det ser det jammen ut til at dei har gjort
Villplommetreet har fått seg eit nytt sett med blad, og rogna – framleis litt pjusk, men der det er grønt er det liv! 




Vi har no evaluert prosessen så langt, teke til oss læring knytt til kva vi kan gjere enda bedre og er i gang med dei neste stega i prosjektet – to komande kjekke møteplassar borte mot kvar sin ende av Trivselsgata 

Husk å ta kontakt med sentrumskoordinator Rebekka Louise Knotten viss du har tankar og innspel og ønsker å engasjere deg! 

rebekka@ulstein-nf.no
Du kan også fylle ut skjema HER 
