Vi har fått med oss sjølvaste statens byggherre på den andre Berekraftig Bygg-samlinga på Skaparhuset i form av berekraftsdirektør Anders Fylling. Anders har ansvar for strategi og forretningsutvikling i Statsbygg, og med meir enn tjue års erfaring med energi og berekraft knytt til bygg er han ein stødig leiar for omstilling av offentlege bygg mot nullutslepp og sirkulærøkonomi.

Anders er òg engasjert som styremedlem i Sirkulær Ressurssentral, som har som oppdrag å forenkle og auke ombruk av materiale frå byggnæringa på ein attraktiv måte.

Dette ser vi fram til! 🙂

Gratis påmelding her

Facebook-arrangement
LinkedIn-arrangement