Endeleg er Søre Sunnmøre sitt heilt eigne traineeprogram i gong, og du kan no melde interesse for traineear! Hausten nærmar seg, og eit nytt kull med ivrige nyutdanna er spenna klare for å bidra med sin kunnskap. Kanskje nettopp i di bedrift?

For å sørge for at desse ser til Søre Sunnmøre har vi utarbeida Spring Trainee. Vi ønskjer å vise fram at Søre Sunnmøre er ein region som spring fram, tek sats, er fremst i skoen og har ei eineståande nyskapingskraft som du ikkje finn nokon anna stad. Dagens nyutdanna søkjer seg først og fremst til traineestillinger, og vårt program er eit springbrett inn i ei spanande karriere i regionen.

Gjennom traineeprogrammet får du unik tilgong til ny kunnskap. Vi driv målretta marknadsføring for unge nyutdanna, og gjennom vårt samarbeid med Yapril skal vi sørgje for at vi luker ut dei beste kandidatene til ditt behov. Gjennom traineeprogrammet sørgjer vi for fagleg utvikling og ein fantastisk onboarding prosess. Ved å ta del i programmet får traineeane delta på faglege og sosiale samlingar. Dette legg eit godt grunnlag for ei vidare karriere i regionen, eit breitt nettverk på tvers av bransjar, og ikke minst unik kompetanseoverføring. Spring Trainee hjelp deg å kapre dei aller beste arbeidstakarane!

Traineeløpet går over eit år. Bedriftene lønnar traineen tilsvarande det ein vanlegvis lønnar nytilsette nyutdanna. I tillegg er det sett ein årleg medlemskontingent for traineeprogrammet:

Under 30 årsverk – 20 000 kr

Over 30 årsverk – 40 000 kr