Visste du at betong står for nesten åtte prosent av verdas klimagassutslepp? Til samanlikning ligg flytrafikk på to prosent. Betong vert kalla for ein klimaversting, og nettopp difor er det ein del av løysinga. Frå før har vi Ulstein Betongindustri på plakaten til Berekraftig Bygg 5. september, og Spenncon sørger for at betong står på agendaen også på samlinga 26. september.
Spenncon er Norges leiande leverandør av byggesystem basert på prefabrikkerte betongelement. I fjor vart avdelinga deira på Hønefoss kåra til årets betongelementfabrikk, blant anna fordi dei gjennom fleire år har utvikla gode konsept for sirkulærøkonomi.
Teknisk sjef Vegard Alme Ulstein og betongteknolog Elisabeth Leite Skare tek turen frå Spenncon avdeling Hjørungavåg for å fortelje om lavkarbonbetong, ombruk, modulært design for sirkulærøkonomi og arbeidet med utvikling av EPD’ar. Vi gler oss!