Snorrebuda Mat & Vinhus ligg sentralt i Ulsteinvik og berikar byens restauranttilbod med sine delikatesser. Her byr dei på à la carte servering med tradisjonelle rettar frå lokalmiljøet i tillegg til kreative innspel frå resten av verda. Fokuset ligg alltid på å servere råvarer av beste kvalitet til kundane.

I tillegg til restauranten har dei to selskapslokale i bua. «Gamle Snorre» ligg i første etasje, og viser fram den godt ivaretekne historia til Snorrebuda. Rundt om i lokalet heng det gamle bilete av sjøbua, som gir eit innblikk i korleis den er har vore teken i bruk gjennom tidene. Her får du ei rustikk atmosfære, sjølv om det naturlegvis er gjort nokre moderniseringar. I dette lokalet står også modningskapa som tørrmodnar det fantastiske kjøtet du kan bestille på Snorrebuda Mat & Vinhus. I andre etasje finn du eit nyleg renovert selskapslokale. Dette har eit meir moderne uttrykk, i tillegg til kapasitet opptil 90 menneskjer. Her er både projektor, lerret, bar og balkong – perfekt for bryllaup, barnedåp, konfirmasjonar, bursdagsfeiringar, kurs, konferansar, eller andre tilstellingar.

Dei ser Ulstein Næringsforum som ein viktig støttespelar for restauranten. Gjennom samhaldet med andre medlemsbedrifter har dei skapt gode relasjonar med andre aktørar i Ulstein og auka sin kompetanse innan næringsliv og utvikling. Det sett pris på at næringslivet har eit miljø kor dei kan samlast og samarbeide om utviklinga. For Snorrebuda Mat & Vinhus er dette gull verdt, og dei håper at framtida byr på spanande utfordringar.

Les meir om Snorrebuda Mat & Vinhus her.