-Det finnes flust av konferansar som tek for seg skipsbygging på eit meir overordna nivå, men dette blir eit nerdetreff. Denne konferansen skal handle om detaljar som folk innen bransjen er opptatt av – her blir det fokus på fagutvikling.
Anna Klara Måseide, som er daglig leiar for Ulstein Næringsforum, seier at målet er å lage ein stor konferanse der fagpersonell innan skipsbygging kan møtast, dele kompetanse og bygge nettverk.
-Vi har ein overbyggende tanke om demokratisering av kunnskap, og trur at alle når lenger dersom man tør å dele erfaringar, sier ho.
Detaljert til verks
Monge ulike tema kan takast opp under konferansen, og vi vil gå mykje meir detaljert til verks enn det andre maritime konferanser gjer.
-Eksempel på tema er miljø, autonomi, digitalisering, autodynamikk, hydrodynamikk, alternative drivstoffkjelder, energiøkonomisering og sikkerheit.
-Det er viktig å få med at denne konferansen vil byggjast opp slik at deltakande bedrifter sjølv melder seg som innleiarar. Dei får bestemme relevansen og hva de vil snakke om.
Nettverksbygging
Ship Technology Days blir på denne måten ikkje ein konferanse som fokuserar på kundar og sal, men på dei som er utviklarar, dei som laga produkta.
-Vi ventar deltakarar som er skipsdesignarar, ingeniørar, hydrodynamikarar, vektkalkulatørar, softwareutviklarar og systemintegratørar – berre for å nemne nokon.
Sjølv om dette blir eit «nerdetreff» tre dager til ende blir det likevel plass til sosiale aktivitetar.
-Nettverksbygging er halve vitsen, og det blir arrangert bedriftsbesøk og, ikkje minst, gode måltid med tilhøyrande hyggelig samvær.
Vi håper sjølvsagt at regionale og nasjonale fagpersoner tek turen til Ulsteinvik og Sjøborg i september.
-Gjennom denne konferansen vil vi gi den norske fagbransjen tilgong til den internasjonale fagbransjen, og slik få anledning til å bygge sterkare relasjonar utover Norges grenser.
Les meir og meld deg på her