Har du ein lur idé om korleis gjere Ulsteinvik sentrum meir koseleg og inkluderande?
SENTRUMSLØFTET er ein konkurranse med fokus på å gjere Ulsteinvik sentrum til ein enda kjekkare stad å vere, og ein måte å gi tilbake til alle som bur, jobbar og ferdast i Ulsteinvik sentrum på!
Konkurranse: delta ved å fylle ut svarskjema her: https://lnkd.in/dJgRmA-S
Ein jury bestående av styret i Ulstein Næringsforum vil gå gjennom innsendte forslag og plukke ut ein verdig vinnar. Vinnaren får heder og ære som opphav til sentrumstiltaket, og Ulstein Næringsforum står for å gjennomføre tiltaket.
Svarfrist: 15. juni
Vinnarforslaget vert offentleggjort på Ulstein Næringsforum sitt årsmøte på Skaparhuset onsdag 18. juni.
Sentrumsløftet er sponsa av Sparebanken Møre og SpareBank 1 SMN med kr 20 000,-