Med Janine Müller er programmet til den første Berekraftig Bygg-samlinga komande torsdag komplett, og vi ser fram til ein inspirerande fagdag saman på Skaparhuset! 🙂
Vi er glade for å ha med oss Janine frå Sense & Elegance. Ho tilrettelegger for medvirkningsprosessar og er rådgivar innan arkitekturpsykologi i stad- og arkitekturutviklingsprosjekt. Ho jobbar mykje i skjæringspunktet mellom menneske, arkitektur og kunst, og ho skal fortelje om korleis ho arbeider og korleis alt heng saman med klima- og berekraftsmål.
Vi gler oss til torsdag!

 

Gratis påmelding her

Facebook-arrangement
LinkedIn-arrangement