Hos Pernilles Clinique i Ulsteinvik og Fosnavåg vert du møtt av ein fantastisk gjeng med dyktige og oppdaterte hudterapeutar, sjukepleiarar, massørar og fotterapeutar, i tillegg til resepsjonistar  som er opptatt av fagkunnskap og utvikling. Dei sett kunden i fokus, og sørger for at dei blir godt ivaretatt og verdsett, samtidig som dei får ei god behandling og eit godt resultat.

Dei tilbyr eit bredt spekter av behandlingar innan hudpleie – både generelle og meir spesialiserte medisinske behandlingar. Deriblant fotterapibehandling, massasje, manikyr/negledesign, hårfjerning, permanent hårfjerning, PMU liner og lepper, powderbrows og microblading, henna bryn, vippeløft, brynlaminering, brynstyling, makeup og medisinsk ørehulling.

Hos Pernilles Clinique ser dei samhald og kompetanse på tvers av kvarandre, og ser det derfor som verdifullt å vere medlem i Ulstein Næringsforum – saman er vi betre innan lokalhandel og service!