Hovudsakleg skal eg vere eit aktivt bindeledd mellom Ulstein Næringsforum, handelsstanden og Ulstein kommune. Og så skal eg jobbe litt på kryss og tvers og interkommunalt, for det er viktig å sjå til og lære av kvarandre. Større greier får ein gjerne bedre til saman, og det som funkar hos naboen funkar med stort sannsyn hos oss sjølve òg.
No er vi midt i fellesferien, men eg er på jobb, og eg nyttar denne stille perioden på kontoret til å lande litt, fordøye og reflektere rundt kva eg burde bruke mesteparten av energien min på til hausten. Til no har eg forelska meg i følgande prosjekt:
TRIVSELSGATA I ULSTEINVIK SENTRUM
Eg oppdaga dette prosjektet då eg grov i gamle dokument på Ulstein kommune si nettside som del av førebuinga mi til jobbintervju. Eg har inntrykk av at Trivselsgata er eit prosjekt som folk flest heiar på. Ein felles innsats i form av beplantning, gode siteplassar og små leikeområder langs denne traseen frå Ulstein rådhus via Blåhuset og til Amfi trur eg vil gi viktige ringverknadar for vidare sentrumsutvikling. Vi må omfamne bygolvet vårt og gjere det til ein naturleg møte- og kvilestad på veg til og frå alt i bykjernen. Dette skal vi i næringsforumet jobbe for.
🌸HANDELSSTADEN ULSTEIN
Vi har mange flotte og unike tenester og butikkar som folk kjem langvegs frå for å besøke. Som fersk heimflyttar etter 13 år vekke er det spennande å oppdage og lære om byen på nytt og bli kjent med alle dyktige og kjekke folk som står bak. Her er det berre for oss å løfte fram det som allereie er og legge til rette for ønska kursing og kompetanseheving. Eg som sentrumskoordinator har ei viktig rolle i å fungere som ei samlande kraft for handelsstanden.
SKAPARHUSET
Vi har eit stort og flott lokale midt i sentrum med haugevis av uutnytta potensiale. Her skal vi bidra til å få fleire og meir varierte aktivitetar.
Og så har vi mange fleire prosjekt på tavla som heng naturleg ihop med dei over. Kort oppsummert vert det ein innhaldsrik haust som vi gler oss til!
Helsing sentrumskoordinator i UNF Rebekka Louise Knotten