På årsmøte vart det stadfesta endringar i styret til Ulstein Næringsforum. I år var fire faste styremedlem og ein vara på val, i tillegg til styreleiar som skal veljast kvart år. Jogeir Romestrand og Are Nørvåg Garshol er gjenvalt som styremedlem for to år til, og sistnemnte er gjenvalt som leiar. To styremedlem har sagt frå seg gjenval. Ved valet av nye styremedlem er det lagt fokus på å oppretthalde ein god balanse i styret og at heile næringslivet skal vere representert. Innstillingane er gjort av valkomiteen leia av Kjersti Kleven, med Verner Larsen og Ellen Cathrin Kvalsund.
Frank Gjerde, dagleg leiar i Biltema, er valt som styremedlem for to år. Vi er glade for å ha med ein representant frå næringslivet i Saunesmarka, og verdsett den innsikta dette gir oss. Vidare går Katrine Gåsvik Ulstein frå varamedlem til styremedlem. Ho er senterleder for Blåhuset, og tilsett i investeringsselskapet Ulsmo. Det er ein stor ressurs for oss å ha med ein representant frå eit av sentera i Ulstein, og vi ser fram til å ha ho med som fast styremedlem. Sist men ikkje minst er Ingrid Dybhavn valt som nytt varamedlem. Ho er eigar og dagleg leiar for Pernilles Clinique, og har eit stort engasjement for næringslivet i Ulsteinvik. Vi ser fram til dei gode innspela og innsikta det nye styret vil berike oss med.
Samstundes vil vi takke Anita Louise Muren og Helene Holstad som no trer ut av sine styreverv. Vi har sett stor pris på dykkar engasjement og ønsker dykk lykke til vidare.