Å skape vekst for kundane er Møre Media si største drivkraft! Med målretta innhald, god design og ein raud tråd i all kommunikasjon vil dei skape heilskapleg og visuelt innhald som både tiltrekker nye kundar og opprettheld eksisterande kundar. Dei jobbar til ei kvar tid strategisk og målretta, med fokus på optimalisering av resultat. Verksemda leverer fleire ulike tenester og produkt, og kan bl.a. tilby deg full visuell identitet, nettstad, foto/film/utsmykking, trykksaker/skilt/bilreklame, konseptutvikling, og dei kan også fungere som ei marknadsavdeling for dykkar verksemd.
Møre Media har i dag 3 tilsette:
- Dagleg leiar og AD i verksemda, Caroline H. Engeset, har 5 års utdanning innan mediedesign. I 2020 tok ho mastergrad ved Høgskulen i Volda, på linja Master in Media Practices. Ho arbeidar med strategisk design og kan hjelpe deg med blant anna merkevarebygging, visuell identitet og webdesign. Arbeidet går over ulike flater og kanalar, analoge og digitale, og ho likar å teste ut nye teknologiar. Caroline har eit stort ynskje om å hjelpe kunden å synleggjere si verksemd og gi dei verktøya kunden treng for å kommunisere målretta og betre.
- Fotograf og prosjektleiar, Cecilie Hatløy, har 13 års erfaring som profesjonell fotograf i Ulsteinvik. I tillegg til å ha sveinebrev i fotograffaget er ho ein prisvinnande fotograf både nasjonalt og internasjonalt. Som den einaste fotografen i Noreg har ho klatra heile stigen i kvalifiseringsprogrammet til Federation of European Photographers (FEP) og kvalifisert seg som «Master Qualified European Photographer». Dei siste åra har ho reist rundt i Europa som Noreg sin representant i den Europeiske juryen, og bedømmer no andre profesjonelle fotografer sitt arbeid. Med sin lokale tilhøyrsel og mangeårige erfaring, har ho god kjennskap til både næringsliv og folk her på Sunnmøre. Det kjem godt med i arbeidet som prosjektleiar og fotograf for Møre Media. Cecilie er lidenskapeleg opptatt av å visualisere og formidle bodskap gjennom sine fotografi.
- Grafisk designar og illustratør, Madeleine V. Viddal, har 3 års utdanning innan medieproduksjon og fullførte sin bachelor i 2023 ved Høgskulen i Volda. No studera Madeleine i tillegg til å jobbe for Møre Media, noko som vil kome kundane til gode. «Design i nye medier» er studiet og målet er å kunne tilby meir til kundane når det kjem til interaksjons-, app- og 3D-design, i tillegg til animasjon. Madeleine er lidenskapeleg opptatt av designfaget og å forme gode, skreddarsydde designløysingar til kundane. Ho har eit framtidsretta sinn og er opptatt av å utvikle seg saman med ny teknologi for å tilby gode løysingar i tråd med tida.
Møre Media ynskjer å skape berekraftige arbeidsplassar i distrikts Norge, i tillegg til å skape vekst og verdi for kundane sine. Det får dei til med kreativ og heilskapleg tenking, og ved å knytte gode lokale samarbeidspartnerar. Dette er ein nytenkjande gjeng som kriblar etter å by kundane sine på verdifulle og unike produkt og tenester. Med sine unike blikk, kreativitet og faglege tyngde er Møre Media visuelle formidlarar du gjerne vil ha med på laget.
Å gjere kundane synlege, med kvalitet og godt handverk i alle ledd, er eit felles overordna mål! Er du på jakt etter ein lokal og solid samarbeidspartnar? Uansett kva det måtte vere og størrelsen på ditt prosjekt, möremedia kan hjelpe deg!
Ulstein Næringsforum er ein viktig arena og samarbeidspartner for oss i Møre Media. Å vere ein del av eit innovativt og kunnskapsrikt nettverk her i Ulstein gir oss god anledning til å utvikle oss både fagleg og personleg. Gjennom dei ulike arrangementa UNF tilbyr i løpet av eit år, er det lettare for oss å drive nettverksbygging, noko vi ser på som ein stor medlemsfordel. Vi trur på samarbeidets kraft, og med UNF med på laget, blir det enklare å få til varige og verdifulle samarbeid med andre lokale medlemsbedrifter.
Møre Media har tatt sats og etablert seg i Ulsteinvik! No håpar dei på at mange av dei lokale verksemdene kan ha nytte av tenestene dei levera, og at verdien av eit lokalt og nært samarbeid kan freiste nok til at fleire tek kontakt!
Om du er nysgjerrig på kva dei kan tilby akkurat deg og di bedrift kan du nå dei her: hello@moremedia.no. Eller du kan stikke innom for ein kaffi og uforpliktande prat på kontoret, adresse Stålhaugen 11 (BYGG 7).
Les meir om Møre Media på www.moremedia.no
Ver ein god kollega og følg dei gjerne på: