Årets tema: Frå samarbeid til suksess

Leiarkonferansen 2025 handlar om korleis samarbeid kan vere nøkkelen til meir enn berre gode intensjonar — det kan vere vegen til ekte, varig suksess, både for organisasjonar og for lokalsamfunn. Temaet «Frå samarbeid til suksess» set søkelys på samspel, kultur og medansvar, midt i ei verd prega av endring og kompleksitet.

  • Mangfaldige aktørar – felles mål
    Konferansen spør: Kva har EU, Kolonihagen, rakettforskning, kvinnehelse, arbeidsmiljø, tareskog, co‑work og ein barneheim i Ecuador til felles? Alle representerar aktørar som tek ansvar, alle har noko å bidra med, og alle viser korleis gode leiarar kan bygge kultur som fremjar samarbeid – internt og på tvers av grensar.
  • Kultur som premiss
    Ein viktig del av temaet er forståinga av kultur – slik vi lever den, slik vi deler verdiar, normer og forventningar. Kultur blir ikkje berre noko «mykt», men noko som har stor innverknad på korleis organisasjonen fungerer, korleis folk har det – både fysisk og psykisk – og korleis moglegheitene for samarbeid og suksess opnar seg.
  • Leiarskapets rolle
    Leiarkonferansen ser leiarskap som prosessen med å påverke ei gruppe mot eit mål – og spør: korleis kan leiarar skape rammevilkår for samarbeid, inspirere til tillit, bygge felles kultur og ivareta trivsel og helse i organisasjonen?

Årets foredragshaldarar er handplukka for å dekke temaet frå mange vinklar:

  • Roy Hovland og Jan Ertesvåg – snakkar om korleis Aker Solutions har blitt leiande på arbeidsinkludering!
  • Jon-Frede Engdahl – gir oss innsikt i korleis han har bygd opp Kolonihagen og gjort det enklare å ta hensyn til miljø og berekraft i butikken
  • Kristin P. Mølmann – snakkar om arbeidsmiljø, kvinnehelse, livsfasepolitikk og sjukefråvær. Egne erfaringar med korleis kultur og leiing påverkar desse aspekta.
  • Julien Bourrelle – rakettforskar og kulturekspert, som bidrar med perspektiv på internasjonalt samarbeid, kulturforståing og kunnskapsdeling.
  • Simen Ekern – forfattar/journalist, som tar for seg dagens situasjon i Europa og Noregs relasjonar til EU – eit tydelig eksempel på samarbeid på høgt nivå og korleis nasjonar må finne felles grunn.
  • Per Joar «Perry» Hansen – gir oss konkrete verktøy for godt samspel og lagbygging
  • Geir Sindre Breivik – humorprodusent og journalist – er konferansier denne dagen

I tillegg vil vi lære meir frå Anja Solevågseide, Rita Sævik,  Brian Takeda og Torill Standal Eliassen om korleis dei bygger stort her på Sunnmøre. Noko av det dei bygger har også eit nedslagsfelt som er globalt og dermed går utover våre grenser. Kva kan vi lære av det?

Kva sit du att med som deltakar?

  • Praktiske verktøy og idéar for å fremje samarbeid i eigen organisasjon.
  • Innblikk i korleis kultur byggast, forstyrres, endrast og vedlikehaldast.
  • Motivasjon og inspirasjon – gjennom nye perspektiv, gode historier og læring frå andre.
  • Ein sterk forståing for kor viktig det er å etablere empati, ansvar, og sjølvrefleksjon i ein organisasjon

 

Kjøp billett her: https://www.ulsteinconference.com/