Tekst: Pål Bakke, NHO Møre og Romsdal

Førstkomande fredag 30. april går startskotet for næringslivets valkampsamarbeid fram mot Stortingsvalet til hausten.

I ein serie digitale møter, «Politikartreff», skal listetoppane i Møre og Romsdal presentere seg sjølve og sine næringspolitiske kampsaker. Her får næringslivet ein direkte dialog med politikarane og får innsikt i korleis stortingskandidatane her i fylket vil jobbe for å fremje ein god og aktiv næringspolitikk dersom dei blir valgde inn på Stortinget.

Det er første gang ein så stor konstellasjon av ulike nærings- og arbeidslivsaktørar går saman om eit felles valkampopplegg i Møre og Romsdal.

– Kven som styrer Noreg er avgjerande for ramevilkåra til næringslivet dei neste fire åra. For oss er det heilt vesentleg at partia set næringspolitikk høgt på agendaen og at det blir tema i valkampen. Det er trass alt bedriftene som gir liv til bygd og by. Kva er då viktigare enn å sørge for at bedriftene blomstrar slik at vi kan oppretthalde og styrke sysselsetting, vekst og velferd, seier regiondirektør Espen Remme i NHO Møre og Romsdal.

Med seg i valkampsamarbeidet har NHO Møre og Romsdal fått med seg LO i Møre og Romsdal, Næringsforeningene i Kristiansund (KNN), Molde (Molde Næringsforum), Ålesund (Næringsforeningen i Ålesundsregionen) og Næringsforeiningane på Søre Sunnmøre (NæSS)*, Mafoss, Maritimt Forum Nordvest og NHO-landsforeiningane: NHO Reiseliv Midt-Norge, Sjømat Norge, NELFO og EBA.

– Det er ei styrke at vi med felles kraft får dialog med stortingskandidatane og kanskje framtidige regjeringsmedlemer, både for å påvirke, men også danne oss eit bilete av næringspolitikken til dei ulike partia, sier Remme.

Dei seks «Politikertreffa» foregår i Teams og er i utgangspunktet opne for alle, men krev påmelding som du finn i denne lenka: INVITASJON OG PÅMELDING

Slik er timeplanen for næringslivet sine møter med politikarane:

Politikartreff
Fredag 30. april 09.00-10.00: Høgre
Fredag 7. mai 09.00-10.00: Arbeidarpartiet
Tysdag 11. mai 10.30-11.30: Senterpartiet
Fredag 14. mai 09.00-10.00: Framstegspartiet
Tysdag 18. mai 09.00-10.00: Kristeleg Folkeparti
Fredag 21. mai 09.00-10.00: Venstre/MDG/SV/Raudt

Torsdagslunsj
I slutten av mai vil næringslivet også arrangere lunsjwebinar der politikarane utfordrast på konkrete tema som er viktige for næringslivet i Møre og Romsdal. Programmet for dei næringspolitiske temamøta ser slik ut:

Torsdag 20. mai 11.00-12.00: Havnæringane i Møre og Romsdal – Maritim stortingsmelding
Torsdag 27. mai 11.00-12.00: Samferdsle – Nasjonal Transportplan 2022-2033
Torsdag 3. juni 11.00-12.00: Kompetanse, jobbskaping og verdiskaping i Møre og Romsdal
Torsdag 10. juni 11.00-12.00: Eksport/internasjonal handel i eksportfylket Møre og Romsdal
Torsdag 17. juni 11.00-12.00: Korleis legge til rette for næringsmulegheiter i det grøne skiftet?
Torsdag 24. juni 11.00-12.00: Kva er næringsvenleg skatte- og avgiftspolitikk i Møre og Romsdal?

Innhald/tema i enkeltmøter kan bli endra dersom td. dagsaktuelle saker tilseier det.

Næringslivet sine valgkamparrangement avsluttast med ein fylkesturné i august/september. Då blir politikarane blir invitert med ut til ulike bedrifter og verksemder på Søre Sunnmøre, Ålesund, Molde og Kristiansund.

* ) NæSS – Næringsforeiningane på Søre Sunnmøre er eit samarbeid mellom Ørsta Næringskontor, Volda Næringsforum, Vekst i Hareid, Vanylven Utvikling, Ulstein Næringsforum, Sande kommune, Havlandet AS (Herøy) og Hareid Næringsforum. Samla har NæSS over 600 medlemsbedrifter med over 7000 tilsette.