Takka vere ei generøs gåve på totalt 250 000 kr frå bankane i byen – Sparebanken Møre (100 000 kr), SpareBank 1 SMN (100 000 kr) og Sparebanken Norge (50 000 kr) – kan vi endeleg realisere første del av ei stemningsfull julegate.
Men målet vårt er meir enn ei julegate. Vi vil lyse opp heile mørketida og skape eit sentrum som er trygt, triveleg og innbydande frå november til mars. Difor ser vi no på dei beste plassane i sentrum der lysa kan bidra til aktivitet, møteplassar og ekstra trivsel i byrommet.
💡 Vil du vere med på å skape lys, varme og aktivitet i sentrum i mørketida? Ta kontakt med sentrumskoordinator Rebekka Louise Knotten – rebekka@ulstein-nf.no.