Målet er klart: å gjere førjulstida varmare, meir inkluderande og rikare på fellesskap. Vi veit at jula ikkje er like lett for alle, difor vil vi både skape glede gjennom opplevingar og samstundes løfte fram Hjartevarme-aksjonen, som deler ut mat og matkasser til dei som treng det mest.

🎁 Bak kalenderlukene ønsker vi å invitere til gratis arrangement som Luciatog, julekino, møte med nissen, opning av peparkakelandsby, julequiz, gründergløgg og kulturelle innslag.

Allereie har Sparebanken Møre samt fleire butikkar kome på banen som støttespelarar. Sparebanken Møre sponser gratis julekinovisning på Sjøborg – noko dei òg gjorde i fjor, til stor glede for mange.

No treng vi fleire på laget!

👉 Dette er eit spleiselag for lokalsamfunnet. Jo fleire som bidreg, desto meir innhald og fellesskap kan vi skape saman.

Vi inviterer difor di bedrift til å bli støttespelar – enten gjennom økonomisk bidrag, premiar, arrangement eller andre ressursar som kan bidra til å løfte kalenderen.

Dette er ei unik moglegheit til å:

  • Gi noko tilbake til lokalsamfunnet
  • Synleggjere di bedrift i ei tid der mange legg merke til nettopp dei som bryr seg
  • Skape gode opplevingar for både små og store i Ulstein

⭐ Vi ber dei bedriftene som ønskjer å bidra om å ta kontakt med oss direkte eller fylle ut skjema her så snart som mogleg, slik at vi får god tid til førebuingane. Vi håpar du og di bedrift vil vere med på laget!