Men målet vårt er meir enn ei julegate. Vi vil lyse opp heile mørketida og skape eit sentrum som er trygt, triveleg og innbydande frå november til mars. Difor ser vi no på dei beste plassane i sentrum der lysa kan bidra til aktivitet, møteplassar og ekstra trivsel i byrommet.

Bankane har gjort det mogleg å kjøpe inn sjølve lysa, men for å få dei på plass treng vi òg midlar til montering, ekstra straumpunkt og arbeid med opp- og nedtaking. I fjor hadde vi eit godt samarbeid med Furene, og vi ser fram til å jobbe saman med dei igjen.

No inviterer vi heile næringslivet til å vere med å støtte opp om vinterlysa. Mange av butikkane bidreg med rundt 1 000 kr per eining, og målet er å samle inn kr 100 000 totalt.

💡 Vil du vere med på å skape lys, varme og aktivitet i sentrum i mørketida? Ta kontakt med sentrumskoordinator Rebekka Louise Knotten – rebekka@ulstein-nf.no.