Gjennom inspirerande innlegg frå Robert Voldnes (ÅKP / hoppid.no) og viktig kunnskap frå Melinda Eidem (SpareBank 1 Regnskapshuset SMN) fekk deltakarane nyttige råd om alt frå forretningsmodell og støtteordningar til rekneskap, skatt og selskapsform.
Etter presentasjonane vart det god tid til samtale og spørsmål – fleire nyetablerarar fekk også moglegheit til å ta ein ein-til-ein-prat med både Melinda og Robert.
– Dette var ein veldig nyttig og praktisk ettermiddag. Mange sit på gode idear, men treng hjelp til å ta dei første stega. Med Start Smart vil vi bidra til at fleire kjem i gong på rett måte, og samstundes skape eit levande og sosialt gründermiljø i Ulstein, seier sentrumskoordinator i Ulstein Næringsforum, Rebekka Louise Knotten.
Arrangementet blir startskotet for ei ny møteplassrekke for gründerar som Ulstein Næringsforum vil halde fram med framover.
Målet er å tilby konkrete verktøy, inspirasjon og nettverk for alle som driv – eller drøymer om å starte – eiga verksemd.
👉 Følg med – snart inviterer vi til “Gründergløgg”!