Rett før sommarferien lanserte Næringsforeiningane på Søre Sunnmøre sitt største rekrutteringsprosjekt nokosinne, med midlar frå Sparebanken Møre og Møre og Romsdal Fylkeskommune. Deira medlemsbedrifter melder om kompetansegap, hjerneflukt og kannibalisering blant arbeidstakarane, og vi treng å ta problemet ved rota. Vi er nøydd til å tenkje annleis omkring korleis ein rekrutterer til Søre Sunnmøre.

Resultatet er Spring Trainee – eit tverrfagleg regionalt traineeprogram for heile søre Sunnmøre. Ei plattform for å foreine bedrifter med unge nyutdanna arbeidstakarar. Her får næringsforeiningane vist fram alle moglegheitene som finns i regionen, samt det spanande, innovative og framtidsretta næringslivet. Det er nettopp dette Spring symboliderar – vi spring fram, er fremst i skoen og har eit framtidsretta perspektiv. Dette er eit springbrett for unge nyutdanna, og gir dei eit fantastisk grunnlag for ei vidare karriere i regionen. Traineeprogram når heilt andre arbeidssøkarar enn bedriftene klarer på eiga hand, då desse arbeidssøkjarane nettopp er interesserte i eit traineeprogram.

Og traineeprogram fungerer – på landsbasis får 90% av alle traineear tilbod om fast jobb, og statistikk viser at desse blir verande i regionen.

Rett før sommarferien blei heimesida til Spring Trainee lansert. Tussa og Brimer er tidleg ute og lyste ut sine traineestillingar gjennom sommaren. Responsen hittil er enorm, og det er inga tvil om at programmet når målgruppa! Vi har rekruttert inn nærare 50 potensielle traineear – unge talent som er framtidas leiarar, utviklarar og innovatørar. Nokre har søkt på dei to utlyste stillingane, medan andre har tatt kontakt direkte med Spring Trainee fordi dei ventar på utlysing av fleire traineestillingar. Tenk deg kor mange søkjarar vi ville hatt om vi hadde fleire stillingar!

Desse utgjer eit fantastisk potensiale for regionen, som vi ikkje får mobilisert utan fleire traineebedrifter. Dette er arbeidssøkjarar som ikkje ville søkt seg til ei ordinær stilling, men som er interesserte nettopp fordi dette er ei traineestilling. Dei ønskjer den faglege utviklinga og det sosiale samhaldet dette inneber.

Med andre ord – nyutdanna arbeidstakarar bankar på døra, og drøymer om ei karriere på Søre Sunnmøre!