Saman med Ulstein kommune og Skaparhuset har vi sett i gong eit nytt prosjekt for å spreie kunnskap om berekraftig utvikling innan bygg, anlegg og eigedomsforvalting.
Framover ønskjer vi å arrangere kurs, foredrag og workshopar, i samarbeid med det regionale næringslivet, kommunar og næringsforeiningar. Vi ønskjer å vektleggje BREEAM-sertifisering, sirkulærøkonomi og materialgjenbruk. Vi håper at tiltaket skal motivere næringslivet til å levere bygg, anlegg og eigedomsforvaltingstenester som er enda meir klimavennlege enn i dag. I framtida vil det truleg komme endringar i regelverk, kompetanse, anbodskriterier eller andre endringar som gjer at det vil oppstå større krav og vilje til å kjøpe berekraftige og klimavennlege tenester i desse bransjane.
Vi trur at dette vil styrke konkurransekrafta for desse næringane overfor offentlege kundar, samt gjere dei i stand til å delta i offentlege anbod. Vidare håper vi at den kunnskapen som vert kommunisert gjennom dette prosjektet skal kunne overførast til andre næringar. Om ønskeleg kan prosjektet utvidast til andre bransjar og prosjekt.