Arbeidet bygger vidare på den langsiktige utviklinga av Ulsteinvik som ein kompakt og attraktiv 300-metersby, der handel, tenester, kultur, møteplassar og aktivitet ligg tett på kvarandre og er enkle å nå til fots.
Både Arthurparken og fargepaletten er konkrete resultat av sentrumsutviklingsarbeidet som har vore gjennomført dei siste åra i samarbeid mellom Ulstein kommune, næringslivet, grunneigarar og lokalsamfunnet.
Arthurparken tek form
Arthurparken blir eit flott grønt byrom midt i sentrum, med fokus på:
- naturmangfald
- klimatilpassing
- trivsel og opphald
- sosial berekraft
- møteplassar for alle aldersgrupper
Prosjektet har frå før fått støtte frå Miljødirektoratet, og fylkeskommunen løftar i si vurdering fram Arthurparken som det første byromsprosjektet i Møre og Romsdal som kombinerer tettstadutvikling med naturbaserte løysingar på denne måten.
Anleggsarbeidet er planlagt å starte til våren.
Ein fargepalett for framtidas Ulsteinvik
Samtidig startar arbeidet med å utvikle ein felles fargepalett for sentrum.
Målet er å gi både private og offentlege aktørar eit verktøy som kan bidra til meir heilskaplege val av fargar, material og uttrykk når bygg og uteområde skal utviklast vidare. Slik kan vi styrke identiteten til Ulsteinvik og skape eit sentrum med større visuell kvalitet og særpreg.
Næringslivet blir invitert med
Ein viktig del av arbeidet blir medverknad og involvering frå næringslivet og andre interessentar.
Vi ønskjer å etablere ei fokusgruppe med representantar frå næringslivet som vil bidra med innspel og erfaringar undervegs i prosjektet. Har du lyst til å vere med, høyrer vi gjerne frå deg.
Takk for engasjementet
Dette er eit viktig steg vidare i arbeidet med å utvikle eit meir attraktivt, levande og berekraftig sentrum for både innbyggarar, næringsliv og besøkande.
Vi vil rette ein stor takk til alle som har bidrege så langt. No ser vi fram til å ta fatt på neste fase av arbeidet saman!