Sterke møteplassar for kunnskap og inspirasjon

Året starta med Kick Off 2025, der Tomas Myklebust sette tonen for året med inspirasjon og framtidsblikk. Seinare samla Ship Technology Days rundt 100 deltakarar frå maritim næring til konferanse på Quality Hotel Ulstein og bedriftsbesøk hos Green Yard Kleven og Kongsberg Maritime, samt fagleg påfyll på Skaparhuset. Arrangementet synleggjorde både innovasjonskrafta og kompetansen i Ulstein – Ship Technology Days har etablert seg som ein viktig nasjonal møteplass for maritim teknologi.

Også Leiarkonferansen 2025 vart eit absolutt høgdepunkt. Med temaet Frå samarbeid til suksess fekk over 140 deltakarar djup innsikt i leiarskap, kultur, inkludering, kvinnehelse, berekraft og internasjonale perspektiv – toppa med deilig mat, god debatt og etterfest på Mørelounge som styrkte nettverka på tvers av bransjar.

Gründerskap og entreprenørskap har òg vore i fokus. Ulstein Næringsforum ønsker å legge til rette for lågterskel møteplassar der nye idear kan utviklast, testast og få retning. Arrangement som Start Smart, Gründergløgg og Grøn gründerkraft har gitt både nye og etablerte gründerar fagleg påfyll, nettverk og moglegheit til å få konkret rettleiing i tidleg fase. Takk til Robert Voldnes og hoppid for godt samarbeid.

I tillegg har næringsforumet arrangert ei rekkje frukostmøte, ettermiddagstreff og faglege foredrag med variert tematikk, mellom anna om kundebegeistring med Katarina Lalander, som samla over 100 deltakarar frå medlemsbedriftene.


Rekruttering, inkludering og kamp mot utanforskap

Rekruttering og inkludering har vore eit tydeleg satsingsområde. Spring Trainee Søre Sunnmøre vart offisielt sparka i gang i år, med det fyrste kullet med seks traineear fordelt på verksemder i Ulstein, Ørsta, Volda og Sande  – eit viktig bidrag for å få unge vaksne til å busette seg og bli verande i regionen.

Etableringa av U37 Søre Sunnmøre-nettverket, i samarbeid med Mafoss og Vekst i Hareid, har samla fleire hundre unge og engasjerte deltakarar gjennom bedriftsbesøk, kompetanseheving og sosiale treff – og dette har vist seg å vere ein etterlengta møteplass for unge i næringslivet på Søre Sunnmøre.

Saman med NAV og NHO har Ulstein Næringsforum også sett fokus på tilgang på arbeidskraft, inkludering og reduksjon av sjukefråvær, med konkrete døme frå bedrifter som har lukkast.


Eit levande sentrum – for folk og næring

Utvikling av sentrum har vore eit anna tydeleg spor. Trivselsgata har fått nye benkar, beplantning, fargar og meir liv – støtta av fylket, kommunen og Sparebankstiftinga. Tiltak som Ulsteinbiene, meir naturleg gras og 300 000 kroner frå Miljødirektoratet til Natursats-prosjekt viser korleis natur, trivsel og byutvikling kan gå hand i hand.

Gjennom tiltak som vinterlys i sentrum, Julstein adventskalender, Luciatog, pepperkakeby, nissebesøk, og julemagi i Trollskogen har næringsforumet også bidrege til tryggleik, aktivitet og besøkslyst i sentrum – i godt samarbeid med næringsliv og kommune.


Samfunnsengasjement og næringspolitisk påverknad

Ulstein Næringsforum har vore ein aktiv samfunnsaktør gjennom året, mellom anna med:

  • folkemøte og politisk pub i samband med valåret 2025
  • engasjement i saker som hurtigbåtavgang frå Hareid, Stad skipstunnel, Fair Play og Læring for Næring
  • tett samarbeid med Ulstein kommune om samfunnsplan, sentrumsplan og Trivselsgata
  • samarbeid med Sykkylven og NæSS (næringsforeiningane på Søre Sunnmøre), særleg innan samferdsel, rekruttering og utanforskap

Små og store bidrag som betyr mykje

Blant årets mange initiativ finn vi også:

  • sentrumsdugnadar i parken bak legesenteret og på Kulturallmenningen
  • sommarblomster i sentrum
  • ringerunde til næringslivet i samband med TV-aksjonen, som samla inn over 131 000 kroner
  • deltaking på Bli med hit! for å rekruttere folk til Sunnmøre

Veksande fellesskap

I løpet av året har Ulstein Næringsforum også fått fleire nye medlemmar, mellom anna Meson Group, Metizport, John Gjerde, Sporty, Sparebanken Norge og JoDa Media – eit teikn på eit næringsforum i vekst og med høg relevans.

– Alt vi gjer handlar om å skape verdi for medlemsbedriftene våre og for Ulsteinsamfunnet som heilskap. Når vi samlar folk, deler kunnskap og jobbar saman, skaper vi meir enn vi klarer kvar for oss, avsluttar Ulstein Næringsforum.