Bakgrunnen for satsinga er alvorleg: Bygg- og anleggsnæringa står for ein svært stor del av avfallet i Noreg. Grovt sett kjem rundt ein fjerdedel av alt avfall frå denne næringa, og mykje av dette er fullt brukande material som i dag blir rive og kasta. Samstundes står byggsektoren for høge klimagassutslepp knytt til produksjon av nye material. Ombruk peikar seg difor ut som eitt av dei viktigaste grepa for å redusere både avfallsmengder og klimabelastning framover.
– Potensialet er stort. Klarer vi å legge til rette for systematisk ombruk av byggemateriale, kan det gi store miljøgevinstar, men også økonomiske gevinstar for næringa, seier prosjektleiar og sentrumskoordinator i Ulstein Næringsforum, Rebekka Louise Knotten.
To initiativ – eitt felles prosjekt
To initiativ – eitt felles prosjekt
Prosjektet spring ut frå to separate initiativ som no er samla i eitt felles forprosjekt.
Ulstein Næringsforum fekk for nokre år sidan midlar frå Miljødirektoratet og gjennomførte i 2024 fleire fagsamlingar rundt temaet Berekraftig bygg. Det var her ideen om ein ombrukssentral fekk grobotn, men utan at ein då hadde kapasitet til å ta arbeidet vidare.
I januar tok VØR og Volda kommune kontakt etter å ha fått midlar til eit forprosjekt for ombrukssentral. Partane såg raskt gevinstane av å samle kreftene, og Ulstein kommune sendte dermed òg inn ein søknad til Miljødirektoratet. Søknaden vart innvilga, og Miljødirektoratet gav løyve til å slå saman prosjekta. Resultatet er eit styrka regionalt forprosjekt, som Rebekka Louise Knotten no leiar.
Lære av andre – og finne lokale løysingar
I forprosjektperioden skal ein hente erfaringar frå liknande initiativ andre stader i landet. Det er planlagt studiebesøk og dialog med eksisterande eller gryande ombruksløysingar mellom anna på Hamar, i Bergen, Trondheim, Tromsø og Bodø.
– Vi skal ikkje finne opp alt på nytt. Det finst allereie mykje god kunnskap der ute, både om kva som fungerer og kva som er krevjande. Samstundes må vi finne løysingar som passar for Søre Sunnmøre, seier Knotten.
Eit av spørsmåla som skal utgreiast, er om det kan vere formålstenleg med fleire avdelingar – til dømes ein ombrukssentral på kvar side av Eiksundsambandet – for å gjere tilbodet tilgjengeleg for flest mogleg.
Sosial berekraft og nye moglegheiter
I tillegg til klima- og miljøeffektar, vil prosjektet også sjå nærare på den sosiale dimensjonen. Erfaringar frå andre stader viser at ombrukssentralar kan spele ei viktig rolle som arena for arbeidstrening, praksisplassar og inkludering.
– Eit slikt prosjekt kan på sikt bidra til nye arbeidsplassar og praksismoglegheiter, både for unge, eldre og andre som står utanfor arbeidslivet. Difor ønskjer vi å kople på viktige aktørar tidleg, mellom anna Furene og liknande verksemder som jobbar med inkludering og sosial berekraft, forklarer Knotten.
Brei styringsgruppe – open invitasjon
Prosjektet har ei breitt samansett styringsgruppe med representantar frå kommunar, avfallsselskap og næringsliv:
-
Kjetil Mastad Vestergaard, plan- og miljørådgjevar i Volda kommune
-
Anne Mette Farstad, kvalitet- og kommunikasjonsleiar i VØR
-
Kristin Dimmen, Retura
-
Hans Peter Eidseflot, dagleg leiar i VØR
-
Rebekka Louise Knotten, prosjektleiar og sentrumskoordinator i Ulstein Næringsforum
- Andrea Øien Sæverud, dagleg leiar i SSR
- Regine Solberg Aklestad, kommuneplanleggar – Utvikling i Volda kommune
- Rune-Johan Tarberg, SSR
Prosjektleiar Rebekka Louise Knotten understrekar at forprosjektet er ope og inkluderande:
– Vi ønskjer dialog med alle som har interesse for temaet. Enten ein vil bidra aktivt i ei referansegruppe, sit på relevant kunnskap, eller berre har gode innspel og tankar, er ein hjarteleg velkomen til å ta direkte kontakt med meg.
Forprosjektet varer fram til januar 2028. Målet er å legge eit solid kunnskapsgrunnlag for ei mogleg framtidig etablering av ombrukssentral for bygg på Søre Sunnmøre.