Opptak frå webinaret

  • Opptak
    grunna ein teknisk feil har dei første minutta av opptaket falle ut

Presentasjonar frå webinaret

Informasjon frå NAV til frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande

—————————————–
Ulstein Næringsforum har i samarbeid med SpareBank1 Søre Sunnmøre, NAV Hareid-Ulstein-Sande og Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz AS gleda av å ynskje velkomne til nytt webinar tysdag 7. april kl 11!

Vi følgjer opp den nye kompensasjonsordninga for bedrifter med å gi ei kokebokoppskrift på korleis du kan navigere i ordningane og kva di bedrift må klargjere til ordninga opnar 17. april.
I tillegg viser Sparebank1 Søre Sunnmøre korleis du kan søke på lånegarantiordningane, og det vert orientert om midlar for kompetansehevande tiltak.

Agenda

  • Kompensasjonsordning for bedrifter
  • Lånegarantiordninga
  • Juridiske endringar i lovverket for skatt, digital samhandling m.m.
  • Kompetanseheving og kursmulegheiter

Innleiarar

  • Sigrun Heltne Vartdal, SpareBank1 Søre Sunnmøre
  • Roberto Bjøringsøy og Espen Rekkedal, Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz AS
  • Øyvind Tveten, Møre og Romsdal Fylkeskommune
  • Daniel Garden, dagleg leiar Ulstein Næringsforum
  • i tillegg vil Anders Norvald Hammer og Oddvor Hovden frå NAV Hareid-Ulstein-Sande vere tilstade for å kunne svare på evt spørsmål.

☘ Arrangementet er gratis og ope for alle.

☘ Lenke til webinaret vert sendt ut på e-post kort tid før det startar.

☘ Innleiarane vil svare på dine spørsmål på chat undervegs i webinaret. Send gjerne inn spørsmål i forkant til: anna.klara.maseide@ulstein-nf.no