NHO, NæSS – Næringsforeiningane på Søre Sunnmøre, Maritimt Forum Nordvest og MAFOSS ønskjer alle velkomen til politisk folkemøte på Ulstein bibliotek onsdag 23. august kl. 19!

På folkemøtet skal fylkestoppane diskutere arbeids- og bulyst på Søre Sunnmøre.
Vi ser fram til ein god debatt om alt frå tilgang på kompetanse, omstilling og utfordringar til kva dei ulike partia vil gjere for å rigge Søre Sunnmøre på best mogleg vis for framtida.

Bli med på ein spanande og viktig debatt med engasjerte politikarar og glitrande spørsmål frå salen.

Vel møtt!

Gratis inngong.

Folkemøtet er i regi av NHO Møre og Romsdal, MAFOSS, Ulstein Næringsforum, Ulstein kommune, Vekst i Hareid og Maritimt Forum Nordvest.