Denne gongen arrangerer vi frukostmøte for U37-nettverket. Få ein god start på dagen med lett frukost og mingling på Millennium Cowork.
Start hausten med betre stressmeistring! Bli med på ei inspirerande samling med Hanne Suorza – grunnleggar av stressmeistringsappen Mestre, mindfulness-instruktør og kåra til Årets Gründer. Med ti års erfaring i å formidle stressmeistring til både privatpersonar og bedrifter, vil Hanne gi oss konkrete verktøy og ny innsikt som kan bidra til betre balanse i kvardagen.
Dette blir ei praktisk og jordnær samling med fokus på mentale kvilepausar, korleis vi kan senke skuldrane og møte arbeidskvardagen med meir ro og nærvær. Kurset passar for alle – anten du kjenner på stress, er nysgjerrig på eigne vanar, eller berre vil starte hausten med ei ny påminning om kva som er viktig.
Vel møtt til ei lærerik og verdifull stund!
Tidspunkt: 21. august kl 08:00-10:30
Stad: Millennium Cowork, Strandgata 89, 6060 Hareid
Nettverket er sponset av Sparebanken Møre sine TEFT-midlar.