Ulstein kommune og NCE iKuben inviterer til idélab innan framtidas bygg og funksjonar.

Deltakarar er:

  • SINTEF Digital, SINTEF Energy, SINTEF Byggteknisk og SINTEF Teknologiledelse
  • Nivero – eit oppstartselskap kring berekraft
  • Molde kommune v/Smartbysjef Mette Holand
  • Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Forskingsrådet
  • Møreforsking Samfunn
  • NCE iKuben
  • Ulstein kommune
  • Ulstein Næringsforum, Bygg- og eigedomsgruppa
  • ATEA
  • Innovasjon Norge
  • med fleire

 

Døme på tema vi vil drøfte

  • Korleis kan vi bruke teknologi for meir effektiv drift av gamle bygg?
  • Korleis kan teknologien vi nyttar i drift også brukast inn i helse og omsorg eller oppvekst?
  • Korleis kan vi få meir «grøne bygg»?
  • Korleis få ein meir berekraftig økonomi?
  • Korleis få bygg som opplevast som betre for brukarane?
  • Kan vi gjere noko lurt med dei gamle bygga våre for å få ein meir effektiv drift? Korleis få til sirkulærøkonomi på drift og nybygg (gjenbruk av materiell m.m).?
  • Korleis få til betre arealutnytting slik at vi kan bygge mindre eller bruke eksisterande byggmasse?
  • Kva betyr lokalisering av bygg for miljø (reduksjon av transport, val av tomt og grunnforhold m.m).

Agenda

  • Ulstein kommune presenterer seg sjølv og utfordringar som kan gi grunnlag for forskingssamarbeid
  • Kort presentasjon av deltakarane
  • Idégenerering i grupper
  • Oppsummering i plenum
  • Vegen videre – kva gjer vi no?

Påmelding til gabriele@ikuben.no eller monica.cecilie.torp@ulstein.kommune.no – gjerne med ein kopi til post@ulstein-nf.no, så kan vi koordinere litt medlemene si deltaking.